Fredag i kafeen

fredag 24. november 2017 kl. 19.00

Ost, rabarbra og anna godt på menyen

Hå gamle prestegard inviterer til ein hyggeleg fredagskveld.

På menyen:
Jærost frå Voll Ysteri.
Fønix ost frå Stavanger ysteri.
Jarlsbergost frå Tine på Kviamarka.
Dessert med rabarbra frå Køhler-Paviljongen.
Godt tilbehør.
Noko godt i glaset høyrer med.

Program:
Jærviser ved Torstein Obrestad
Kaseri om meierihistoria ved Tore T. Wiig.
Smak osten og høyr historia om Jærosten og Fønixosten.
Kåseri om rabarbra frå Køhlerpaviljongen ved Ingebjørg Gudmestad Wold.

Kjøp med ost heim til deg sjølv eller som julegåve.

Arrangementet er i samband med utstillinga The Land med kunstnaren Ron Haselden som opnar den 18.november.
Haselden lagar lysinstallasjonar etter teikningar laga av folk frå Jæren.
 

Pris: kr 350,- for ein hyggeleg kveld med god mat, foredrag og jærviser. Sal av mineralvann, øl og vin.

Påmelding på: post.hgp@ha.kommune.no eller 51 79 16 60.

Legg til hendinga i din kalender