Utstilling: Ellen Kalvig

lørdag 24. mars 2018 kl. 14.00

Ellen Kalvig
Mørkeromsarbeid - om lys 
maleri 

På opninga blir det musikk ved Martin Nygård Haug (organist og nyutdanna komponist) og Veerle Omar Tieghem (accordionist).

I utstillinga MØRKEROMSARBEID – OM LYS syner Ellen Kalvig nye maleri. Som lita besøkte Kalvig mørkerommet til faren som var fotograf og såg korleis ulike motiv sakte kom fram frå skodda. Først ingenting, så kom konturane sterkare og sterkare til det ferdige motivet vert fiksert.

Ellen Kalvig vaks opp på Jæren og har budd store delar av sitt liv her. For tida er ho busett i Suldal. Mange er kjent med dei fargesterke og abstraherte landskapsmotiva hennar. Naturen er kjelda for arbeida hennar. Skiftinga i lys, fuktighet, temperatur og vekst gjennom døgeret og årstidene , gjev inspirasjonen til bileta.

I utstillinga på Hå gamle prestegard møter me desse landskapa. Det er som om landskapa framleis er under framkalling, dei er ikkje heilt klare i konturane. Som ein fotograf i mørkerommet kan kunstnaren sjølv bestemma når maleriet skal fikserast.

Gjennom lys og mørke trer landskapet fram; eit fjell, ein disig skog, eit tjern, ei hei. Skuggelagt, disig, kvitvaska av snøføyk. Lys og mørke speler på lag for å gje oss eit glimt av eit landskap. Konturar som går inn og ut av syne, farger som bleiknar i mørket. Som eit foto som vert omarbeida i mørkerommet, blir landskapa arbeida frem gradvis. Gjennom lys og mørke trer landskapet fram og vert synleg for oss.

Ellen Kalvig (f.1958) er utdanna ved Kunstskolen i Rogaland og har vore hospitant ved Grafisk Verksted i Stavanger. Ho bur i Suldal og arbeider med maleri og grafikk. Kalvig har hatt ei rekkje separatutstillingar (mellom anna på Hå gamle prestegard i 1987 og i 1994) og delteke på fleire gruppeutstillingar. Ho er kjøpt inn av mellom andre Norsk Kulturråd, Statoil og fleire kommunale kunstsamlingar.

Utstillinga står til 27. mai. 

2. mai kl. 19
OMVISING I UTSTILLINGA MØRKEROMSARBEID – OM LYS
med kunstnaren

Legg til hendinga i din kalender