Utstilling: Avtrykk

lørdag 2. juni 2018 kl. 14.00

Kunst- og kulturhistorisk utstilling om grafikk

Avtrykk 
- grafikk mellom kinesisk blokktrykk og dataprint 

 

Grafikk er i vinden som aldri før. Med utstillinga AVTRYKK trekk Hå gamle prestegard linjene frå dei tidlegaste tresnitta til dagens datagrafikk. Utstillinga tek føre seg dei ulike grafiske teknikkane ved å presentere verk frå ulike museum og av etablerte og unge norske kunstnarar.

Med utstilling, formidling, aktivitetar og arrangement ser me på grafikk som kunstnarisk uttrykk, men óg som ein faktor innan kunnskapsformidling, modernisering av samfunnet og i demokratiseringsprosessar. Utstillinga legg vekt på korleis dei ulike grafiske metodane har utvikla seg og korleis ein går fram for å laga mellom anna tresnitt, koparstikk, etsingar, silketrykk og litografi.

I utstillinga får ein smakebitar av historiske verk av mellom anna japanske tresnittkunstnarar, koparstikk-kunstnaren William Blake, Edvard Munch og Gunnar S. Gundersen. Me får eit møte med tyske ekspresjonistar, representert ved Käthe Kollwitz og Conrad Felixmüller. Og ikkje minst får me sjå korleis kunstnarar i dag nyttar dei grafiske metodane; mellom andre Marianne Heske, Per Inge Bjørlo og det grafiske samarbeidet mellom Sverre Bjertnæs og Bjarne Melgaard.

Merksemda på grafikk er Hå gamle prestegard sitt bidrag til markeringa av hundreårsjubileet til Norske Gafikere i 2019. Følg med dei neste åra på Hå gamle prestegard der me tek fleire djupdykk i dei ulike grafiske teknikkane.

Takk til museum, institusjonar og privatpersoner for innlån: Haugesund Billedgalleri, MUST, Stavanger kunstmuseum, MUST, Norsk grafisk museum, Norsk folkemuseum, Sogn og fjordane kunstmuseum, Tromsø museum – universitetsmuseet, Tou Trykk.

Utstillinga står til 26. august 2018.

Legg til hendinga i din kalender