Utstilling: HOW WOULD HAVE BEEN?

lørdag 2. juni 2018 kl. 14.00

Romina Ressia (arg)

HOW WOULD HAVE BEEN? 

fotografi 

Kva gjer ein tennisracket og ei tyggegummiboble midt blant mjuk fløyel og blondekreasjonar?

Argentinske Romina Ressia er fødd i 1981 og bur og arbeider i Buenos Aires. Kjenneteiknet hennar er at ho nyttar absurditetar og ironi i fotografia sine. Klassiske malte portrett er ofte inspirasjonskjelda, men sjølv om fotografia først ser «berre» vakre ut, er det alltid eit framand element til stades.

I utstillinga i nye fjoset på Hå gamle prestegard får me sjå 13 portrett og kjem inn i ei verd av absurditetar, alvor og humor.

"Regarding the concepts, I get inspiration from real people, the world, and some contemporary issues. In that way, I think my work has a strong sociological content . . . I like to show people’s behaviours and reactions in the modern world. Then, I present those ideas with my personal style, which is very influenced by Art. I am an Art lover, in all of its forms, and I am mainly passionate about Classic artworks."

Romina Ressia har mellom anna studert fotografi, motefotografi og Art Direction. Ho studerte scenografi ved Teatro Colon i Buenos Aires. I 2017 fekk ho tittelen «Årets fotograf» ved International Color Awards. Ho er kjøpt inn av mellom anna Salo Art Museum i Finland, der ho hadde utstilling i 2017. Same år hadde ho òg utstilling ved Somerset House i London.

Utstillinga står til 26. august 2018.

Legg til hendinga i din kalender