Utstilling: SOLTID OG STJERNETID

lørdag 17. november 2018 kl. 14:00

Bente Sommerfeldt-Colberg 
SOLTID OG STJERNETID
skulptur og animasjon

Velkomen til opning av nye utstillingar på Hå gamle prestegard 17. november kl. 14.00.

Me er glade for igjen å kunne presentere separatutstilling med Bente Sommerfeldt-Colberg på Hå gamle prestegard.  Sommerfeldt-Colberg inviterer til ei totaloppleving i gamle fjoset med animasjonsfilm og skulptur. Alle arbeida kretser rundt fenomenet tid, rørsle og det forgjengelege.

Animasjonsfilmen har tittel Soltid og Stjernetid. Tema i filmen er tid og rom, sol og måne. I langsam straum av lys i rørsle avløyser sekvensane kvarandre, kontemplative og poetiske.

I tillegg til animasjonen syner kunstnaren skulptur og veggobjekt. Bladet er ein hengande skulptur som omhandlar tid og det forgjengelege. Verket er utvikla frå eit haustlauv, ei skjør og transparent form, rett før det går i oppløysning. Spinning II er inspirert av sfæriske rotasjonar og koplar seg direkte til animasjonen Soltid og Stjernetid.

Bente Sommerfeldt-Colberg (f. 1966) bur og arbeider på Lierskogen i Buskerud. Ho arbeider med objekt, skulptur, installasjon, video og bilete. Ho er utdanna mellom anna ved Vestlandske kunstakademi i Bergen (1991-1995). Sommerfeldt-Colberg har tidlegare hatt separatutstillingar på Kunstnerforbundet, Sogn og fjordane kunstmuseum og Soft galleri i Oslo. Ho har delteke på fleire gruppeutstillingar og er innkjøpt av mellom andre Sørlandets Kunstmuseum og Universitetet i Stavanger og Norsk kulturråd. Utsmykkingsoppdrag er ein viktig del av Sommerfeldt-Colberg sin praksis. Ho har mellom anna arbeida med utsmykkingar til Universitetet i Tromsø og fleire skular, mellom anna Rosseland skule på Jæren.  

http://www.bentesommerfeldt-colberg.no/


Opning ved Karen Erland.

 

Utstillinga står til 20. januar 2019.

 

Legg til hendinga i din kalender