Utstilling: PORTRETTER

lørdag 23. mars 2019 kl. 14:00

Mette Tronvoll
PORTRETTER
fotografi

Utstillinga er eit utval arbeid mellom anna med utgangspunkt i portrettserien Afrikanske bilder. Serien er fotografert i Tanzania, Kenya og Rwanda. I desse landa møtte Tronvoll menneske innan ulike yrkesgrupper; jordbruk, turisme, energi og bankvesen. Dei portretterte er menneske med svært ulik sosial status, frå folk i slumstrøk til meir privilegerte stillingar. Fotografering av menneske dannar kjerna i Tronvoll sitt virke som kunstnar.

Ho bur og arbeider i Oslo og er representert ved Nasjonalmuseet for kunst, The Metropolitan Museum of Art, Moderna Museet og fleire andre museer og samlingar.

Utstillinga står t.o.m. 26. mai

Legg til hendinga i din kalender