Utstilling: LYTT OG STIKK

lørdag 23. mars 2019 kl. 14:00

Anne-Karine Solgaard
LYTT OG STIKK
smykke / objekt

Tema for utstillinga er “medisinske instrument”. Utstillinga består av verk med titlar som Stetoskop og Sprøyter. Dette er halssmykke/objekt som er sett saman av ulike materiale og ferdigelement. Eit typisk trekk med Solgaard sin produksjon er at ho nyttar ukonvensjonelle materialer som skruer, mutrar, plast og gummi i kombinasjon med edle materialer som sølv, perler og smykkesteinar i verka sine.

Anne-Karine Solgaard bur og arbeider i Oslo. Ho er utdanna ved Statens håndverks- og kunstindustriskole.

Utstillinga står t.o.m. 26. mai

Legg til hendinga i din kalender