Utstilling: MALERI OG SKULPTUR

lørdag 23. mars 2019 kl. 14:00

Sverre Wyller
MALERI OG SKULPTUR

Sverre Wyller nyttar eit abstrakt og organisk formspråk, enten det gjeld maleri eller skulptur. Maleria i utstillinga er utført i tempera på lerret og er laga i Tyskland i perioden då han budde i Berlin.

Kunstnaren utforskar problem og moglegheiter i maleriet, samt omgrepa dualitet og separasjon. I skulpturane arbeider Wyller ofte med tre, gjerne i kombinasjon med metall. Gjenbruk av materiale har vore eit gjennomgangstema i kunstnarskapen hans over lengre tid. 

Sverre Wyller er utdanna ved Arkitekthøgskolen og Statens Kunstakademi i Oslo og ved kunsthøgskolen i tidlegare Vest-Berlin. Wyller bur og arbeider i Oslo og er innkjøpt av mellom anna Nasjonalmuseet for kunst.

Legg til hendinga i din kalender