Utstilling: DONA EIS REQUIEM

lørdag 8. juni 2019 kl. 14.00

DONA EIS REQUIEM 
– GJE DEI KVILE
Kulturhistorisk utstilling om døden

Det einaste sikre me menneske veit er at me skal dø - eller er det slik?

Døden har til alle tider og i alle kulturar og religionar vore eit tema for undring, sorg, frykt og ritual. Ulike ritual og kva forhold me har til døden har endra seg gjennom tidene. Tradisjonelt har døden vore noko som har blitt delt i eit fellesskap. I moderne tid har møtet med døden blitt meir privat og individuelt. Døden blei i ein periode institusjonalisert og teken vekk frå heimen og det sosiale felleskapet. I den seinare tida ser me at nokre av desse gamle rituala blir tekne attende. Er dette eit naturleg behov me menneske har for å dele og snakke om døden og sorga?

Utstillinga er støtta av Norsk kulturråd og Fritt Ord.

Utstillinga står t.o.m. 1. september

Legg til hendinga i din kalender