Utstilling: Kjell Nupen

Heildag

3. september - 9. oktober 2016

Kjell Nupen 
Drømmen og stillheten  
maleri / grafikk

Opning ved Sylfest Lomheim

Utstillinga på Hå gamle prestegard har fått tittelen Drømmen og stillheten etter eit maleri Kjell Nupen laga i 1984. I måleriet nyttar kunstnaren båtforma. Dette var ei form som Nupen byrja å nytte på starten av 80-talet då han fekk ei større interesse for eksistensielle tema.

Utstillinga på prestegarden er ikkje ei retrospektiv utstilling, heller ikkje ei fullstending oversikt over ein spesifikk periode i Nupens kunstnarskap. Det har vore eit ønskje frå både Hå gamle prestegard og Nupens ektefelle, Aino Ilkama, å syne ei breidd av det allsidige kunstnarskapet til Kjell Nupen og syne arbeid der han har teke opp tema som livet, døden, religion og natur. 

Kjell Nupen vart utdanna ved Statens Kunstakademi i Oslo i 1972–75 og ved Staatliche Kunstakademie i Düsseldorf i 1975–76. Litografia hans er gjennomgåande enkle i form, men intense i uttrykket. Maleria med samfunnskritisk innhald kan ha ein pessimistisk tone, der bodskapet blir formidla gjennom teikn og symbol. Naturen blir ofte utgangspunkt for abstraksjonar. I løpet av 1980-åra blei uttrykket meir kontemplativt. Landskapsformer og maleriske, koloristiske og formale kvalitetar fekk etter kvart ein sentral plass i Nupens kunst.

Nupen har hatt utstillingar i ei rekke land og utførte fleire store utsmykningsoppgåver, mellom anna Otterdalsparken i Kristiansand. Her laga laga han ei stor fontene, granittskulpturar og keramikkarbeid (1991). Han arbeida med fleire kyrkjer, til dømes Søm kyrkje, der han laga store glasmaleri, altertavle og krusifiks (2004).

Legg til hendinga i din kalender