UTSTILLING: Galina Manikova

Heildag

18. juni - 18. september 2016

Galina Manikova
FROSSEN MUSIKK
Keramikk, video, installasjon

Når no Galina Manikova kjem attende til Jæren nyttar ho fyrkjellaren på Obrestad fyr som utstillingslokale. Kunstnaren har nytta Goethes berømte definisjon av arkitektur, «arkitektur er frossen musikk», som utgangspunkt for utstillinga. Manikova nyttar det røffe utstillingslokalet som ein del av utstillingskonseptet og knyttar arkitektoniske detaljar og historia til staden inn i hennar eige arbeid. I utstillinga nyttar ho keramiske skulpturar, lys, lyd og video. Manikova har utvikla god kjennskap om overføring av fotografi på ulike materiale og nyttar dette som ein del av sitt varkemerke.

Galina Manikova er fødd i 1953 på den japanske øya Sakhalin i Sovjetunionen og vaks opp i Moskva. Ho er mellom anna utdanna ved kunstakademiet Bezalel i Israel før ho flytta til Norge i 1986. Ho har tidelgare undervist ved Statens håndverks – og kunstindustriskole. Galina Manikova hadde utstilling på Hå gamle prestegard i 2004.

Legg til hendinga i din kalender