Utstilling: WAITING FOR CLIMATE CHANGE - Isaac Cordal

lørdag 22. juni 2019 kl. 14.00

UTANDØRS SOMMARUTSTILLING
OBRESTAD FYR OG HÅ GAMLE PRESTEGARD

Isaac Cordal
WAITING FOR CLIMAT CHANGE
skulptur

I sommar kan du oppleve utstillinga WAITING FOR CLIMATE CHANGE av den spanske kunstnaren Isaac Cordal. Ved området rundt Obrestad fyr, Hå gamle prestegard og ved hengebrua over Hå-elva vil du kome over små folk plassert på høge stolpar. På ulikt vis er dei alle førebudd på den komande klimaendringa. Dei ser ikkje redde eller bekymra ut, meir avventande til det uunngåelege.

Isaac Cordal bur og arbeider i Spania. Han har utdanning frå University of Fine Arts i Spania og Camberwell College of Arts i London, der han spesialiserte seg innan skulptur. Mange kjenner til street-art-prosjekta hans, der han plasserer ut små menneskeskulpturar i urbane miljø og isceneset kvardagssituasjonar i absurde settingar.

Kunstnaren seier sjølv om prosjektet:
Waiting for Climate change stiller spørsmål til vår passive holdning til klimakrisen. Prosjektet består av en serie skulpturer med små, dresskledde menn.

Utstillingen står til og med 30. september 2019.

Skultpurar av Cordall er og å sjå i Stavanger i forbindelse, NuArt -  www.nuart.no

Besøk nettsida til Isaac Cordal for fleire foto og film frå utstillinga. 

 

 

Legg til hendinga i din kalender