EN DAG SKAL VI DØ. MEN ALLE ANDRE DAGER SKAL VI LEVE

onsdag 21. august 2019 kl. 19.00

Onsdagsforedrag med
Inge Eidsvåg
er nå utsolgt

«En dag skal vi dø. Men alle andre dager skal vi leve.»
 - tanker om døden som eksistensiell realitet. 
 

 

Blir livet meir levande fordi me veit at me skal døy? Kan skjønnlitteratur fortelja oss noko om døden som faglege artiklar ikkje kan?
Sitatet i overskrifta til foredraget denne kvelden på Hå er henta frå den svenske diktaren Per Olof Enquist. Med dette og inspirasjon frå anna litteratur som utgangspunkt, vil Inge Eidsvåg dela nokre tankar om døden som mysterium og realitet. Han vil snakka om livsglede og dødsfrykt, om mening og meningsløyse, om språk og språkløyse. Men og om undring og takksemd i møte med «den siste fiende».

Inge Eidsvåg er cand.phil. med historie hovedfag. Han var i mange år rektor ved Nansenskolen på Lillehammer.

Nå er han foredragshaldar og aktiv bidragsyter til bøker, tidsskrifter, aviser og NRK. Han har skrive fleire bøker, den foreløpig siste har tittelen Døden – livets følgesvenn. Eidsvåg har fått ei rekkje prisar og utmerkingar for sitt arbeid, mellom anna Kongens fortjenstmedalje.

Pris kr 200 inkl. kveldsmat og inngangsbillett til utstillinga. Påmelding: post.hgp@ha.kommune.no eller 51791660.
Utstillingen er open før foredraget frå kl.18. Kveldsmat etter foredraget.

Arrangementet er i samband med utstillinga DONA EIS REQUIEM - Gje dei kvile som visast på Hå til og med 1. september.

Støtta av Norsk Kulturråd og Fritt Ord

 

Legg til hendinga i din kalender