Utstilling: Gunn Tjensvold, Magny Tjelta, Cecilie Mossige

Heildag

Står til og med 20. november. 

Gunn Tjensvold, Magny Tjelta og Cecilie Mossige
Haud
teikning, akvarell, tekstil  

Noen har nettopp mistet handlelappen sin på gulvet. Dette gulvet som nettopp har blitt vasket av noen, og som snart vil bli skittent igjen. Nå er det helt blankt, og ser du ned kan du se et utydelig speilbilde av deg selv. Du ligner på noen i familien din. Det er viktig å være noen.

Under overflaten på gjennomsnittsmennesket foregår magiske ting. Denne utstillingen gjør dype dykk inn i hverdagen til dem du egentlig aldri legger merke til. Her åpnes en liten luke inn i det jevne grå, dette som bare er, det du alltid går forbi uten å tenke over.

Utstillinga Haud på Hå gamle prestegard er eit fellesprosjekt mellom Gunn Tjensvold, Magny Tjelta og Cecilie Mossige. Gunn Tjensvold investerer mykje handverkstid i det som i utgangspunktet er nokre sekund med kvardagslege skribleri. Ho finn handlappar som folk har mista eller kasta frå seg og omarbeider dei til kunstverk. Arbeida til Magny Tjelta er teikningar frå gamle familie-snapshots. Kva er det som står igjen som typisk for ein tidsepoke? Utgangspunktet er den individuelle historia, der konkrete situasjonar og  personar kjem tydeleg fram. Cecilie Mossige vil opprette skjøre tankeforbindelsar mellom den vanlege kvardagen og den overordna strukturen i naturen. Samstundes legg kunstnaren til rette for at «fysikkens magi» skal koma til syne. På nye løa nyttar ho akvarellar til å skildre tid og fysikk og vêrforholda ved Obrestad fyr.  

Kunstnarane er interesserte i å sei noko om tid. Kva nyttar me tida vår til? Er me tilstade i liva våre, og kva valmoglegheiter har me eigentleg?  Ved å stille ut saman ønskjer kunstnarane å få fleire perspektiv og nye refleksjonar rundt dei tre kunstprosjekta. Håpet er at dei ulike verka kan løfta kvarandre og tydeleggjer verdien av tid, stillheit og det private i ei tid ofte prega av det motsette. Somme gonger tek livet ei anna retning enn det ein hadde tenkt. Baksida av noko kan vere vel så interessant som framsida. Ein forkasta handlelapp blir til kunst, eit vanleg familiefoto kan danne grunnlag for djupare refleksjonar og tradisjonell akvarell kan nyttast reint abstrakt for å skildre poesien i fysiske fenomen.

Tittelen til utstillinga HAUD speler på eksamenskarakteren «gjennomsnittlig bra», eit slags «godt nok», i motsetning til laud som er blant det beste man kan få. Utstillinga er ein hyllest til det gjennomsnittlige og det kvardagslege, til livet som det er.

Gunn Tjensvold, Magny Tjelta og Cecilie Mossige kjennar kvarandre frå studiar på SHKS Oslo og frå ei  rekke tidlegare utstillingsamanhengar. Kunstnarane har alle ei tilknyting til Rogaland: Tjensvold og Tjelta har vokst opp i Sandnes, og Mossige har slekt frå området kring Bryne. Gunn Tjensvold har mellom anna hatt separatutstilling i Rogaland Kunstsenter og i Kunstnersenteret i Møre og Romsdal og delteke på ei rekke juryerte gruppeutstillingar. Cecilie Mossige har hatt separatutstilling på mellom anna Kunstnersenteret Møre- og Romsdal og delteke på fleire gruppeutstillingar.  Ho er aktiv kunstskribent. Magny Tjelta har hatt separatutstillingar på mellom anna Østfold kunstsenter og på Hå gamle prestegard (2005). Ho har delteke på fleire gruppeutstillingar, mellom anna fleire gonger på Høstutstillingen og delteke på Tegnebiennalen. 

Utstillinga står til 20. november 2016.

Legg til hendinga i din kalender