Utstilling: Shwan Dler Qaradaki

Heildag

Står til og med 20. november. 

Shwan Dler Qaradaki
To My Children 
akvarell, animasjon

Utstillinga To My Children er basert på kunstnaren Shwan Dler Qaradaki sine erfaringar som multikulturell innvandrer og politisk flyktning. Utstillinga fokuserer på dei utfordringane som Europa og resten av verda blir konfrontert med som eit resultat av dei barbariske handlingane til IS. Før kunstnaren byrja å arbeide med prosjektet var han i irakiske Kurdistan i byen Suleimani for å vitje familien. Her var IS-styrkene berre nokre mil unna. Korleis er det å bu i Vesten medan ein når som helst kan venta at familiemedlemmar kan bli lemlesta av terrorister, brødre bli henretta og søstere bli valdtekne og selde vidare som sexslaver?

Utstillinga er sett saman av akvareller og animasjon og er eit visuelt brev stila til kunstnaren sine born og dei ufødte borneborna hans. Prosjektet syner at Qaradaki er uroa. Uroa over kva situasjonen som rammer Europa vil bringa med seg og korleis dette påverker våre born og dei komande generasjonane. Kunstnaren minnes sin eigen barndom i Kurdistan. Minnene er prega av angst for krig eller for å dø i krig. Frå han var tre år opplevde landet hans Iran-Irak krigen, Gulfkrigen, Saddams kjemiske angrep og borgarkrigen på 90-talet. Qaradaki vil fortelje denne historia for å stadfeste at krig etterlet djupe sår.

Shwan Dler Qaradaki er kurder, født i Irakisk Kurdistan og politisk flyktning frå krigen i Irak. Han kom til Norge i 1999 etter to år på flukt gjennom Midtausten og Europa. Etter 12 års opphald fekk han omsider varig opphaldsløyve. Han er mellom anna utdanna ved Statens kunstakademi i Oslo (MA 2009). Han har hatt ei rekkje separatutstillingar og delteke på fleire gruppeutstillingar. I 2016  blei han valt som festspelkunstnar i sambande med Festspillene i Nord-Norge. Han er representert i fleire samlingar, og er kjøpt inn av mellom anna Oslo kommune og Nord-Trøndelag kunstmuseum.

Utstillinga står til 20. november 2016

Legg til hendinga i din kalender