Utstilling: Karina Kazlauskaite

Heildag

Opnar 15. oktober kl. 14.00

Opning ved utstillingskonsulent Ingunn Nord-Varhaug 

Karina Kazlauskaitė
NATURE AS A TOY 
smykke, objekt, installasjon

Opning ved utstillingskonsulent Ingunn Nord-Varhaug 

I utstillinga NATURE AS A TOY presenterer Karina Kazlauskaitė arbeid som er inspirert av historia til leiketøy og barndomsminner.

I tidlegare tider nytta ein gjerne griseblære til å lage leiketøy, som rangler eller ballongar, til ungar. I utstillinga nyttar kunstnaren nett griseblære til ulike objekt og smykke. Ho har òg henta inspirasjon til utstillinga frå sitt arbeide i  ein helseinstitusjon. Ein av bebuarane eksperimenterte med å laga dekorasjonar på vindauga av forskjellige materialar for å gjengje historier og minne frå barndomen. Inspirasjonen frå pasienten sitt eksperiment nyttar Kazlauskaitė til å lage nye arbeid med utgangspunkt i kulturelle minne og som ho ønskjer skal setje lys på motsetningane mellom det naturlege og det kunstige, det forgjengelege og det varige.  

I stallen på Hå gamle prestegard får me sjå dokumentasjon frå bebuaren sine teikningar, samt fotografi og brev inspirert av tida ved helseinstitusjonen. Kunstnaren ønskjer å gjenskapa auraen til dei gamle tinga og gje dei nytt liv som eit svar på notidas masseproduksjon og bruk av syntetiske materiale.  Me møter mellom anna ein svær installasjon av griseblærer og me får sjå smykke som er laga av ei blanding av gull og griseblære , sølv og hermetisk avfall,  tørka grisetarmar og jern. 

Karina Kazlauskaitė er frå Litauen der ho no bur og arbeider. Frå 2008 til 2015 budde kunstnaren i Stavanger, og var medlem av Norske kunsthåndverkere. Kazlauskaitė har MA i Jewellery Design ved Vilnius Academy of Arts (2007). Ho har delteke på utstillingar både i Litauen og i land som Norge, Brasil, USA, Spania og Latvia.  Kalzauskaitė arbeider med konseptuell smykkekunst i tillegg til objekt og installasjon, ofte i samspel med fotografi og teikning. Sidan starten av karriera har kunstnaren blanda ulike materiale i arbeida. Til dømes har sølv, jern og mineralar blitt blanda med organiske materiale som skal frå strutseegg og lær.

Utstillinga står til og med 20. november 2016

Legg til hendinga i din kalender