Kunsten i distraksjonenes tidsalder

onsdag 13. november 2019 kl. 19:00

Onsdagsforedrag med 
Frode Helmich Pedersen

Foredraget til Frode Helmich Pedersen denne kvelden på Hå gamle prestegard vil handla om fantasi og indre bilete. Foredraget er i samband med Sam Winston sitt utstillingsprosjekt That’s not how I imagined it som visast på Hå fra 9. november til 12. januar.  

Det har lenge vore tradisjon i vesten å reflektera kring fantasi, kva den er, korleis den verkar, kva den kan gjera, og korleis relsjonen er til kreativitet, kunst og dikting. Pedersen vil gå inn på nokre hovedtrekk i denne tradisjonen, der han legg vekt på krafta fantasien har til å skapa bilete. Han diskuterar korleis høvet er mellom indre og ytre bilete i vår eiga samtid, kor skjerm og visuelle medier er dominerande. Er vår evne til å skapa indre bilete truga av medestraumen? Blir vi overeksponert for ytre bilete på ein måte som gjer oss mindre i stand til å danna den type indre bilete som er nødvendig for å skapa kunst av varig verdi?

Frode Helmich Pedersen (PhD, f. 1976) er forskar i Allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen. Han har ved sida av sitt akademiske virke i ei årrekkje vore litteraturkritikar i Bergens Tidende og Morgenbladet. Han har og vore redaksjonsmedlem i litteraturtidsskrifta Vagant og Vinduet, kor han har publisert ei rekkje artiklar om litteratur og samfunn.

Pris kr 200 inkl. kveldsmat og inngangsbillett til utstillingane.
Kveldsmaten er etter foredraget. Utstillingane er opne før foredraget frå kl. 18. 
Påmelding: post.hgp@ha.kommune.no eller 51791660.

 

Legg til hendinga i din kalender