Utstilling: They Take Your Photograph. You Come Into Existence.

lørdag 26. november 2016 kl. 14:00

Opnar 26. november kl. 14.
Opning ved Christine Hansen 

Signe Marie Andersen, Kristoffer Eliassen, Katinka Goldberg, Helle Grøndahl, Hilde Krohn Huse, Tine Isachsen og Sara Tanderø, Marie Sjøvold, Vigdis Storsveen
THEY TAKE YOUR PHOTOGRAPH. YOU COME INTO EXISTENCE.
fotografi, video, installasjon

«Subjektet rommer et ukjent antall identiteter og mulige narrativer – betrakteren lar seg lede, og har et begrenset utvalg korrektiver. Den selviscenesettende kunstneren går inn i bildet og blir til noe annet – både virkelig og fiktiv, bekreftende og normoppløsende.»
(Line Ulekleiv i utstillingskatalogen)

Utstillinga They take your photograph. You come into existence syner korleis somme kunstarar vel å nytte seg sjølv i eigen kamerabaserte kunst. Det kan vera i sjølvanalyse av eigen kropp, om identitet, om sosiale eller samfunnsaktuelle tema.

Kvifor er det slik at somme kunstnarar nyttar sin eigen kropp i eigen kunst? Sjølv om dette er noko enkelte kunstnarar alltid har gjort, var det først med postmodernismen at dette vart vanleg meir utbredt.

Kva samanhengar finnes det mellom identitetsdanning og iscenesetjing av sjølvet? Er identitet noko som blir konstruert eller er det noko me har?

Ein av grunnane til å fokusera på kroppen i kunsten er at samfunnet generelt er oppteken

av kropp og individ. Fjernsyn, aviser og ikkje minst Internett er ein arena for dyrking av individet og eksponering av kropp og det menneskelege sjølvet.

Før var identitetsdanninga noko som skjedde meir eller mindre automatisk gjennom generasjonane. I eit globaliset samfunn med større økonomisk-, og for mange, sosial fridom, er desse mønstra oppheva og det er meir opp til kvar enkelt å bestemma kva ein vil med livet sitt. Med dette følgjer større individuell fridom, og større press. I tillegg handlar det om å definera seg sjølv.

Dei inviterte kunstnarane arbeider med ulike uttrykk og representerer eit utval av det mangfaldet av kunstnarar som nyttar seg sjølv i eigen kunst i dag. Kunstnarane i utstillinga er representert med videoverk, fotografi, lydinstallasjon og collage.

I samband med utstillinga er det laga ein utstillingskatalog med tekst frå alle kunstnarane der dei har skrive om korleis dei sjølv arbeider med eigen kropp i kunsten sin. Skribent, kritikar og redaktør  Line Ulekleiv har skrive hovudteksten til katalogen.

Legg til hendinga i din kalender