Utstilling: Mona Orstad Hansen og Lars Teigum

lørdag 26. november 2016 kl. 14.00

Opnar 26. november kl. 14.

Mona Orstad Hansen og Lars Teigum
Sjablong 
maleri, silketrykk, objekt

Opning ved Nils Eger. 

Mona Orstad Hansen og Lars Teigum har kalla utstillinga si i nye fjoset for Sjablong. Dette står for enkelheit, men og for avgrensing av valmoglegheiter. Tittelen representerer difor eit fast utgangspunkt kunstnarane kan arbeide ut frå. Slik kan uttrykket utvikla seg gjennom arbeidsprosessen og bli meir komplekst, ferdige former kan leggjast til, rokerast, bli påført i sjikt og overlappe kvarandre. Innan avgrensinga opnar det seg nye moglegheiter. Det  faste utgangspunktet tilbyr ei rame der det improviserte og det planlagde kan eksistera ved sida av kvarandre. I utstillinga får me sjå nye maleri, silketrykk og objekt.

Kunstnarane Mona Orstad Hansen og Lars Teigum har begge bakgrunn frå Kunstakademiet i Trondheim. I tillegg har dei hatt felles atelier ved Atelierhaus Mengerzeile i Berlin og har tidlegare stilt ut saman. Dette tette fellesskapet gjer at dei har ein visuell dialog som dannar basis for utstillinga her på Hå gamle prestegard. Sjablong er ei vidareføring av utstillingsprosjektet Kakafoni som blei synt ved Kunstmuseet KUBE i Ålesund, sommaren 2011.

Lars Teigum (f.1974) er utdanna ved Kunstakademiet i Trondheim og bur og arbeider i dag i Grue kommune i Hedmark. Han har hatt lengre studieopphald i Stockholm og Berlin. Han har hatt separatutstillingar ved mellom anna Galleri Norske Grafikere i Oslo og ved Kunstbanken Hedmark Kunstsenter. Teigum er innkjøpt av Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Hedmark Fylkeskommune og KLP (Kommunenes Landspensjon).

Kunstnaren har dei seinare åra arbeida særskilt med silketrykk, men Teigum arbeider og med maleri. Arbeida til Teigum består av gjennomskinlege sjikt av farge, er transparente og stofflege. Om eigne arbeid skriv kunstnaren: «Gjennom visuell stimulans påvirkes betrakterens sanseapparat, og forskyvninger i bevegelse og glidende overganger fører til gradvise endringer i stemninger og temperament» . Verka hans inneheld pulserande flater og rytmeseksjonar og dei utvikler seg med bakgrunn i kvarandre. Sett i samanheng har kvart bilete sin eigen meining, men dei står og i ein biletmessig dialog med dei andre verka.

Mona Orstad Hansen (f. 1976) bur og arbeider i Stavanger. Ho har studert ved Kunstakademiet i Trondheim (5-års student) og har ein Bachelor med Honours Degree ved Gray’s School of Art (RGU) i Aberdeen. Orstad Hansen har delteke på fleire utstillingar, mellom anna NN-A NNANN-A: Ny Norsk Abstraksjon, Stavanger Kunstmuseum. Ho er kjøpt inn til private og offentlege samlingar i Oslo, Bergen og Stavanger.

Orstad Hansen arbeider med abstrakt maleri, ofte i stort format og somme gonger i samspel med skulpturelle element. Arbeida er hovudsakeleg nonfigurative i formspråket, men ein kan finna assosiasjonar til natur, vekstar, geometriske former, arkitektur og strukturer som gjer ein romleg dimensjon. Dei siste åra har kunstnaren fokusert på eit enklare uttrykk. Dette har opna for ein meir eksperimentell og meditativ form for abstraksjon, der eigenarten til lerretet blir eksponert og blir ein del av uttrykket. 

Utstillinga står til og med 22. januar 2017.

 

Legg til hendinga i din kalender