Utstilling: RÅOLJE / CRUDE

lørdag 28. mars 2020 kl. 13.30

UTSTILLINGA ER UTSETT.
Me kjem med meir informasjon så snart me har ein ny dato.


Alexander L. Kielland-ulykken, 40 år.
foto / dokumentar
Tord F Paulsen og Marie Smith-Solbakken

27. mars 1980 velta boligplattforma Alexander L. Kielland i Nordsjøen. 123 mann omkom og 89 blei redda.

RÅOLJE / CRUDE, Alexander L. Kielland-ulykken, 40 år.
foto / dokumentar
Tord F Paulsen og Marie Smith-Solbakken 

27. mars 1980 velta boligplattforma Alexander L. Kielland i Nordsjøen. 123 mann omkom og 89 blei redda.

RÅOLJE / CRUDE er ei dokumentarutstilling utvikla i samarbeid med professor Marie Smith-Solbakken, UiS, og fotograf Tord F Paulsen. Utstillinga set fokus på Kielland-ulukka i lys av ein debatt om ytringsfrihet, medverknad, demokrati og kapital. Forteljingar, sitat og dokumentarisk fotografi av berørte frå ulukka skapar ein samansett polyfoni.

Utstillinga gjer innblikk i nære opplevingar og personlege historier frå ulukka. Den er basert på bøkene Råolje, "Alexander L. Kielland"-ulykken. Ringene i vannet av Tord F Paulsen og Marie Smith-Solbakken (Red.) på Hertervig Forlag fra 2017 og «Alexander L. Kielland»-ulykken. Hendelsen, etterspillet, hemmelighetene av Marie Smith-Solbakken (Red.) på Hertervig Forlag fra 2016.

Støtta av Norsk Kulturråd, Fritt Ord og Rogaland Fylkeskommune.

Foto: Tord F Paulsen, "Familien Thomassen".

Legg til hendinga i din kalender