DØDEN ER INGEN PRIVATSAK

onsdag 22. april 2020 kl. 18.00

Utsett inntil vidare

Marie Aano Reme
Atle Berge
Tor Einar Fagerland

27. mars 2020 er det 40 år sia Alexander L. Kielland-plattforma velta i Nordsjøen. Dette er den verste ulukka på norsk sokkel Nordsjøen etter 2. verdskrig. 
Mange familiar opplevde å miste ektefelle, foreldre, slekt og venner i ulukka.

Denne kvelden på Hå er det tre forskjellige innslag. Dei handlar alle om korleis ungdommar opplevar det når ulukka rammer. 
 

ROLF OG JEG
Opplesing ved Marie Aano Reme
Marie Aano Reme var ikkje fødd då Alexander L. Kielland-plattforma velta. Om bord var onkelen henner Rolf. Han omkom i ulukka.
Sjølv om Marie aldri traff onkelen så har han likevel alltid vore levande til stades i livet hennar. Ho har skrive artikkelen Rolf og jeg i boka Råolje. Alexander L. Kielland ulykken. Ringene i vannet. Denne kvelden les ho frå artikkelen.  

PUSLINGER
Bokbad med forfattar Atle Berge i samtale med Else Tungland.
Atle Berge er forfattar av boka Puslingar som kom ut på Samlaget forlag i 2019. 
Om boka: Året er 1980. I Nordsjøen har bustad- plattforma Alexander L. Kielland kantra, og heime i Nordhordland sit familien til oljearbeidaren Jonny og ventar på at telefonen skal ringje. Vi følgjer tenåringsjenta Marita vidare i livet, gjennom forelsking og opprør og i draumen om å bli oljeingeniør. Med seg har ho eit brennande ønske om å finne svar på kva som gjorde at Kielland velta.

HVORDAN SNAKKE OM NASJONALE KATASTROFER?
Foredrag med Tor Einar Fagerland
Alexander Kielland-ulykken 27. mars 1980 og Terrorangrepene 22. juli 2011.
Kva skjer når krisa rammar i miljøet rundt oss? Korleis skal vi som samfunn og som ansvarlege samfunnsborgarar forhalda oss til nasjonale katastrofar? 
Fagerland er førsteamanuensis i historie ved NTNU og har, saman med arkitekt Atle Aas, hatt ansvar for etableringa av 22. juli-senteret i regjeringskvartalet i Oslo. Han har og bistått AUF og den nasjonale støttegruppa for 22. juli i arbeidet på Utøya. 

Kr 250 inkl. inngang til utstillinga og kveldsmat. Utstillingane er opne før foredraga frå kl. 17. Kveldsmat etter foredraga. 
Påmelding: post.hgp@ha.kommune.no eller 51 79 16 60.

Støtta av Norsk Kulturråd, Fritt Ord og Rogaland Fylkeskommune. 

Legg til hendinga i din kalender