UTSTILLING: GITAREN OG GITARBYGGAREN

lørdag 19. juni 2021 kl. 14.00

19. juni - 19. september 2021

GITAREN OG GITARBYGGAREN
Gitarbygging i Rogaland
Obrestad fyr

 

Det har blitt laga gitarar her i landet dei siste 2-300 åra.  Den eldste kjende gitaren som er teken vare på frå Norge er «Schöne-gitaren» laga av Georg Daniel Schöne (1750 – 1807). Han laga instrument i Christiania i perioden 1788 til 1805. Denne gitaren er no på Ringve Musikkmuseum i Trondheim.

Fram til etter andre verdskrigen var det stort sett enkeltpersonar som stod for gitarproduksjonen.

Frå siste halvdel av 40-talet vaks det fram fabrikkar som produserte gitarar. Ein av dei som produserte flest var Hagstrøm-fabrikken på Ammerud utanfor Oslo. Fram til 1963 produserte dei meir enn 60.000 gitarar.  

Gitarbygging i Rogaland
Rogaland har òg hatt sin gitarproduksjon, mellom anna på Ganddal. Frå 2005 til februar 2020 blei det laga velrenommerte gitarar på Jørpeland; Strand-gitaren. Denne produksjonen er nå flytta til Stavanger.
 For mange er musikken noko av det viktigaste i livet og for andre noko som ein ikkje tenker over, men som ein likevel har rundt seg heile tida. På pietistiske Jæren, der musikken i mange kretsar skulle ha eit religiøst formål, var gitaren sentral. Bedehusgitaren er eit eige omgrep i gitarhistoria. Og så har me dei som sat på jente- eller guterommet og høyrde på rock på radioen. Kanskje var det då ikkje anna moglegheit enn å laga sin eigen gitar om ein ville lære å spele som førebileta sine.

Gitarane i utstillinga er laga av kunstnarar, amatørar og profesjonelle gitarmakarar. Ein av desse er Idar Runde (f. 1929). Han var fyrvaktar på Obrestad fyr i 22 år og laga 43 Hawaii-gitarar.

Rogaland har lange handverkstradisjonar og møbelprodusentar var det mange av heilt fram til 60- 70-talet. I tida 1915 til 1985 var det heile ti møbelfabrikkar på Jæren og somme av dei held framleis på. Fleire av dei som laga gitarar var eigentleg møbelsnekkarar.

I utstillinga møter du eit utval av gitarprodusentane i Rogaland. Truleg er det mange fleire som har bygd ein eller fleire gitarar.

Utstillinga er i samarbeid med gitarsamlar Asgaut Steinnes (f. 1949). Han står bak det Helge Torvund kalla ”verdas største samling av norskproduserte gitarar…”. «Norsk Gitarmuseum» vart opna i 2015 i Haver i Hå kommune. Samlinga har fått plass i ei nyrenovert løe og består av meir enn 300 norske gitarar frå omlag 40 ulike produsentar og gitarmakarar. 

Steinnes er mellom anna kjend som frontfigur i gruppa Jærrock. Han har vore journalist i Jærradioen, lærar og har drive musikkbutikk. I 2017 ga han ut boka Norske gitarer – Historien om norske gitarer og gitarbyggere.

Utstillinga er støtta av Norsk kulturråd.

Innslag på NRK om utstillinga og om nye utstillingar på Obrestad fyr. 

Legg til hendinga i din kalender