Utstilling: Julie Nord

lørdag 4. juni 2016 kl. 14.00

4. juni - 28. august 2016

Julie Nord
Domestic Disturbances 
grafikk / teikning

Hå gamle prestegard er glade for å få vise utstillinga Domestic Disturbances med den danske biletkunstnaren Julie Nord (1970). Nord utfordrar oss på vante førestillingar. Ho lagar sirlige, surrealistiske og ofte store arbeid med blyant, filtpenn, tusj og akvarel. Nord blandar ofte eventyr og populærkultur saman med noko nytt og foruroligande. Til dømes har ho nytta Lewis Carrolls victorianske eventyr «Alice in Wonderland» som inspirasjonskjelde til fleire arbeid. Kva er det me ser og kva er det som kanskje skjuler seg bak fasadane?  Både i tidlegare utstillingar og no er Julie Nord oppteken av at ting ikkje nødvendigvis er slik dei gjer seg ut for å vera, inkludert barndommen og det som finnes innanfor i ulike familiar.

Som på den store separatutstillingen Just like Home på Gml Strand i København i 2014 har Julie Nord igjen satt fokus på det som barndommen og uskylden er omgitt av, nemlig familien og heimen. Utstillinga på Hå gamle prestegard har fått den skildrande tittelen Domestic Disturbances og framstår delvis som ei iscenesetting og ei førestilling av ein heim. Men dette er ein merkeleg og virkelighetsfjern kulissearkitektur som signaliserer at dette ikkje er ein skikkeleg heim. Det er snarare ei førestilling om heimen, både konkret og mentalt. Heimen er ein viktig  identitetsskapande faktor for mennesket. Om me kjenner oss som heime, har me det godt. Men det blir fort klart at det er forstyrringar i den heimlege idyllen til Julie Nord.

Julie Nord bur og arbeider i København. Ho er utdanna ved Det Kongelige Danske Kunstakademi i 1994–2001. Nord har stilt fleire stader i utlandet og i heimlandet Danmark, mellom anna ei stor separatutstilling på Aaros i 2010 og Kunsten og Gml Strand i 2014. Ho er representert på mellom anna Statens Museum for kunst, Aros, Arken og Nordiska Akvarellmuseet.

Utstillinga til Julie Nord opnar samstundes med utstillinga "Where Winds are Gaining Speed" med Beili Liu og "Ikon – religion i russisk samtidskunst".

 

Legg til hendinga i din kalender