UTSTILLING: IKON

lørdag 4. juni 2016 kl. 14.00

4. juni - 28. august 2016

Religion i russisk samtidskunst
IKON
diverse teknikkar
Kurator Marat Guelman

Dmitry Vrubel & Victoria Timofeeva, Pavel Brat, Dmitry Gutov, Nikolai Makarov, Arsen Savadov, Gor Chahal, Olga Tobreluts, Blue Noses (Aleksandr Shaburon, Vyacheslav Mizin), Recycle (Andrei Blokhin, Georgy Kuznetsov), Andriy Bazyuta, Oleg Kulik.

Utstillinga syner verk av kunstnarar og kunstnargrupper frå Russland og Ukraina som nyttar religion som motiv i sin kunst. Dei refererer til klassiske ikon frå russisk-ortodoks kristen tradisjon, klassisk gresk mytologi, samt verdslege ikon frå populærkulturen. Kunstnarane i utstillinga er internasjonalt anerkjente, somme óg kontroversielle. Etter oppløysinga av Sovjetunionen har den russiske offentligheita, både politisk og religiøst, gått i ein meir konservativ retning. Å nytte forma ikon i samtidskunsten blir for mange oppfatta som ein provokasjon. Med religion og ikon som tema ønskjer Hå gamle prestegard og kurator Marat Guelman å opne for dialog mellom kunst og religion og utfordre vår oppfatting av ikon og førebilete.

Ein del av utstillinga føregår i ein av bunkersane på Obrestad fyr. Her syner Andriy Bazyuta prosjektet Bunker of Mysteries. Her har kunstnaren teke utgangspunkt i Knut Hamsun si bok Mysterier. Resultatet er ein interaktiv 3D projeksjon der publikum blir invitert til å vera med å påverke opplevinga av verket.

 

Legg til hendinga i din kalender