Utstilling: Ingrid Aarset

lørdag 19. mars 2016 kl. 14.00

19. mars - 29. mai 2016

Ingrid Aarset
Myke relieff 
tekstil

Ingrid Aarset har dei siste åra fått stor merksemd for arbeida sine der ho lagar tolkingar av ulike tekstilar slik dei er framstilte i ulike renessansemåleri. Av desse tolkingane har ho laga tekstilarbeid, ofte sett saman av fleire lag, utført med laserkutter.

I nokre av arbeida i utstillinga på Hå gamle prestegard kan me sjå at ho har studert  mønstertradisjonen frå franske og flamske bilettepper, såkalla “millefleur”, frå middelalderen. Ornamenteringane i denne tradisjonen gjengjer ei overflod av stiliserte blomar og plantedeler. “Damen med enhjørningen”, ein serie på seks tepper laga omkring år 1500, er kanskje det mest kjente verket innan denne tradisjonen.  Vintaren 2013/14 hadde Aarset eit opphald i Paris ved Cité des Artistes, der ho fekk høve til å studere desse flotte og unike teppene.

Ingrid Aarset er oppteken av at tekstil kan lesast som sterke kulturelle uttrykk. Ulike mønster blir berarar av historier om si samtid og om levd liv. Kunstnaren seier at tekstil tidlegare kunne sei mykje som sosial status og at fine tekstilar hadde høg status. Dette har endra seg med nye produksjonsmetodar der farge- og mønsterrike tekstilar har blitt noko alle kan ha råd til for ein billig penge.

I dei nyaste arbeida Aarset har med seg til Hå gamle prestegard har ho gått bort frå dei intrikate renessansemønstera og over til abstrakte mønster. Her undersøkjer ho liner og former, lausrive frå tradisjon og historie. På denne måten får sjølve materialet og teknikken kome betre fram. Ho arbeider ofte med fleire lag som alle har forskjellege mønster for å få effekten ho vil. Dei siste åra har Aarset arbeida med ei bedrift på Vigrestad i Hå kommune som har nett den lasarkuttaren ho treng for å få fram det rette uttrykket.

Ingrid Aarset (1958) bur og arbeider i Hanevik i Hordaland. Ho er tilsett som 1.amanuensis ved fordjupingsområde tekstil på Kunst- og designhøgskolen i Bergen. Ho har hatt separatutstillingar ved mellom anna Nordnorsk kunstmuseum, Sogn og Fjordane kunstmuseum, Kunstnerforbundet og Galleri Format. Aarset har delteke på ei rekkje gruppe - og kollektivutstillingar som til dømes Årsutstillingen Norsk kunsthåndverk, Wireless, Vevringutstillingen og Essens. Ho har laga kyrkjetekstiler til fleire kyrkjer og utsmykkingar til fleire offentlege institusjonar og er kjøpt inn av UD, alle dei tre kunstindustrimusea og Kulturrådet.  

Legg til hendinga i din kalender