Utstilling: Kristine Øksendal

lørdag 30. januar 2016 kl. 14.00

30. januar - 13. mars 2016

Kristine Øksendal
Bohemian Waxwing 
maleri / akvarell / video

Kristine Øksendal syner oljemaleri, akvarellar og video i stallen og gamle fjoset på Hå gamle prestegard. Arbeida viser ei gjennomgåande interesse for taktile kvalitetar og kontrastar i farger, men òg mellom transparente og opake lag. Dette ser me som ein raud tråd gjennom heile utstillinga.

I alle arbeida til Øksendal er fellesnemnaren ei interesse for rørsle og kinetisk energi. Heilt sidan eit tidlegare samarbeid med profesjonelle dansarar har dansen vore ei viktig tilnærming til den maleriske prosessen for kunstnaren, og ho seier at målinga kan sjåast på som ei performativ handling i seg sjølv.  Videoarbeida i utstillinga er fragmenterte, rytmiske videocollagar. Bohemian Waxwing er det engeleske namnet på fuglen sidensvans. I eit av videoarbeida har kunstnaren filma både denne og andre fuglar og deira «koreografi». Videoarbeida i utstillinga er fragmenterte, rytmiske videocollagar med eit sjølvbiografisk tema kamuflert i ei abstrakt form. Gjennom prosjektet ønskjer kunstnaren å  omskrive  rytme og lyd til komposisjon og farge.

For Øksendal er det eit poeng at metoden for utføringa styrar prosessen og det ferdige resultatet. Det handlar om å finne eit handlingsmønster som blir utgangspunkt for dei ferdige komposisjonane. Rørsle blir nytta aktivt og viser direkte til kunstnaren. Kunstnaren ønskjer å skape ei kunstoppleving som formidlar eit personleg og ekspressivt uttrykk.

Kristine Øksendal er utdanna biletkunstnar frå Central Saint Martins College of Art and Design i London og frå Kunstakademiet i Oslo. Ho arbeidar innan ulike media. Dei siste åra har ho synt arbeida sine ein rekje stadar, mellom anna med soloutstillingar i Trafo kunsthall (2013) og Noplace i Oslo (2014).

Utstillinga er støtta av Norsk kulturråd.

Legg til hendinga i din kalender