Utstilling: Gras

lørdag 21. november 2015 kl. 14.00

21. november 2016 - 17. januar 2016

Anders Kjær, Willibald Storn, Victor Lind, Per Kleiva, Morten Krohg, m.fl.  
Gras - ein politisk tidsspegel
diverse teknikkar

 

 

Opning ved kunstskribent Harald Flor. 

Utstillinga GRAS – Ein politisk tidsspegel er ei kunsthistorisk utstilling der Hå gamle prestegard presenterer GRAS-mappa med silketrykk frå 1974 og i tillegg presenterer fleire verk frå GRAS-perioden av Anders Kjær, Willibald Storn, Victor Lind, Per Kleiva og Morten Krohg. Somme av verka har blitt klassikarar i norsk kunsthistorie og somme av dei har ikkje blitt stilt ut på mange tiår.

Den norske kunstnargruppa GRAS blei starta i 1969 som eit opprør mot dei etablerte kunstinstitusjonane. Målet deira var å bringe kunsten ut til folk, mellom anna ved å produsere arbeida i store opplag til låg pris. Medlemmane markerte seg sterkt for kunstnarane sine fagleg-politiske rettigheiter og for å opne og demokratisere kunstfeltet. Dei var samfunnsengasjerte, politisk aktive, men òg individualistiske unge kunstnarar. I ein kort og hektisk periode frå 1969 til 1974 jobba dei, aksjonerte og hadde utstillingar saman. 

GRAS-mappa inneheld trykk av kunstnarane Asle Raaen, Anders Kjær, Bjørn Krogstad, Olav Ruud, Jan Radlgruber, Willibald Storn, Morten Krohg, Bjørn Melbye Gulliksen, Egil Storeide, Eva Lange, Øyvind Brune, Per Kleiva, Siri Anker Aurdal og Victor Lind.

Samhaldet i gruppa resulterte i ein energisk utfolding av fantasi og kritisk haldning som neppe hadde blitt realisert i same grad individuelt. Aktiviteten deira representerte eit alternativ til både «tom kapitalisme og den sosialistiske realismens `fasitsvar`». Dette var bilete som fanga samtidas puls og uttrykk og som framleis lever i dag.

I 2015 er det 50 år sidan utstillinga «14» i Stavanger kunstforening der fleire av dei seinare GRAS-kunstnarane deltok.

Tematikken GRAS-gruppa arbeida med og deira samfunnsengasjement er framleis svært aktuelle tema på ulike felt som miljøspørsmål, storpolitikk og konsekvensane av krig og konflikt.

Legg til hendinga i din kalender