Utstilling: Knut Åsdam

lørdag 21. november 2015 kl. 14.00

November - desember 2016

Knut Åsdam
Mobil Egress
mobil videoinstallasjon 

Mobil Egress ein fiksjonsfilm frå ein bensinstasjon i utkanten av Oslo. Filmen fortel om ei ung kvinne som arbeider på bensinstasjonen, her sett som botnen av oljeindustriens enorme økonomiske stige. Ho handsamar arbeidssituasjonen med sjølvstende i ei verd i stor endring. Filmen syner forhaldet mellom kontroll og sjølvstende og arbeid og klasse, men den er óg ein poetisk film om sosial usikkerheit. Her ser me den psykologisk baksida til industrien som sørgjer for Norges økonomiske stabilitet. Filmen er ein eksperimentell fiksjon bygga på eit dokumentarisk materiale. Mobil Egress var våren 2015 ein del av utstillinga Krigens skygge. Politisk kunst i Norge 1914 – 2014, kuratert av Kari Brandtzæg, på Kunstneres hus i Oslo. I 2015/2016 er filmen på turné i Norge i samarbeid med KORO – Kunst i offentlig rom.

Knut Åsdam (f. 1968) er busett i Oslo. Han arbeider med video, lyd, foto og arkitektoniske installasjonar og har delteke på ei rekkje utstillingar i inn- og utland. Åsdam representerte Norge i den nordiske paviljongen på Venezia-biennalen og på Melbourne-biennalen i 1999. Åsdam har stilt ut internasjonalt sidan 1998,  til dømes i New Yorks PS1, Tate Britain, Moderna museet i Stockholm, samt Musee d’Art Moderne de la Ville de Paris.

Legg til hendinga i din kalender