UTSTILLING: Nils Eger

lørdag 12. september 2020 kl. 14.00

12. september - 8. november 2020

Nils Eger
FRA EN REISE
maleri og grafikk

//////////

OBS! Grunna smittevernomsyn kan me berre ha 200 gjester på opninga. Ver ute i god tid for å sikre deg plass. 

//////////

Nils Eger presenterer grafikk og maleri i stallen og gamle fjoset. Grafikken, som er frå åra 1999 og 2008, består av djuptrykk med koldnål og etsning/akvatint. Eger arbeider sporadisk med grafikk og i samband med arbeidet med maleria til denne utstillinga har grafikken vore framme. Ein ser ein klar slektskap mellom uttrykka i dei to teknikkane. Maleria i utstillinga er alle frå dei to siste åra. Førre gong Nils Eger hadde utstilling på Hå gamle prestegard var i 2013, då med ei rein maleriutstilling.

Korleis me ser og kva som blir lagra i minna våre opptek Nils Eger. Arbeida hans er ei undersøking av persepsjon og hukommelse. Han fortel at «i arbeidet med maleriets virkemidler transformeres minnene til et mer abstrakt uttrykk. Arbeidsprosessen gir impulser som blir en viktig drivkraft videre. Verkets arkitektur, fargenes gjensidige forhold og form, og strøkets retninger er dominerende problemstillinger i arbeidet.» Naturen er ofte utgangspunkt for maleria til Eger. Somme gonger nærmer motiva seg eit figurativt uttrykk der ein klart kan skimte ein trestamme eller ein bygning, andre gonger er motivet så abstrahert at det kun er fargeflater att.

Bruk av tempera og dei “franske format” er gjennomgåande for Eger. Tempera er ein malingstype som består av fargepigment med kasein eller egg som bindemiddel. Teknikken er kjend heilt attende til antikken. Ved å nytte tempera får maleria ei matt og tørr overflate som tilfører fargane ein lysande verknad. Dei franske formata er ei felles nemning for ei rekkje format som er utrekna etter det gylne snitt for størst mogleg kompositorisk balanse.

Kunsthistorikar Vibece Salthe har tidlegare skrive om Eger og arbeida hans: Det er lite rom for feilskjær når man jobber med tempera. Når et nytt maleri påbegynnes hender det han starter med å slå noen streker for å komme i gang, men primært jobber han uten bruk av skisser. Det er arbeidsprosessen som er drivkraften og som gir impulser. Det handler om fargenyanser og fargejusteringer, om størrelsen på fargefelt og formendringer, om strøkene og overflatens karakter. i prosessen benyttes små sjablonger eller papirlapper for å teste ut om en farge skal dreies i den ene eller andre retningen, men også for å bestemme bildets arkitektur; fargenes plassering, form og klanglige kvalitet.  Øyet skal ledes til å bevege seg rundt i maleriet – til å dvele ved enkeltelementer ved hjelp av aktive og passive felt. 

Nils Eger (f. 1944) ferdigstilte utsmykkingsoppdrag til Lervig Sykehjem i Stavanger i 2017. Han er innkjøpt av mellom anna Riksgalleriet (Nasjonalmuseet), Kulturrådet, Norges Bank, Stavanger kommune og Sandnes kommune. Eger har hatt ei rekkje seperatutstillingar, dei siste i Gallleri LNM Oslo (2018), Sandnes Kunstforening (2017), Galleri Gann Sandnes (2015), Hå gamle prestegard (2013). Han debuterte på Høstutstillingen i 1971 og har vore representert her fleire gonger, samt i fleire kollektive- og gruppeutstillingar.

www.nilseger.no

 

 

 

 

Legg til hendinga i din kalender