UTSTILLING: IS THIS MY PLACE?

lørdag 5. september 2015 kl. 14.00

5. september – 11. oktober 2015

ARKIVET: Putte H. Dal, Hilde Dramstad, Elsie-Ann Hochlin, Camilla Luihn, Heidi Sand, Tina Tvedt
IS THIS MY PLACE?
smykke

ARKIVET er ei nystarta gruppe som består av fem aktive og godt etablerte smykkekunstnarar som saman produserer utstillingar med skriftande tema. Kunstnarane i gruppa er Heidi Sand, Camilla Luihn, Elsie-Ann Hochlin, Putte H. Dal og Hilde Dramstad.

ARKIVET sitt første utstillingsprosjekt har fått tittelen Is this my place?  Kunstnargruppa har arbeida med temaet spor til utstillinga og vidare fortel dei om prosjektet:

«Vi søker tilhørighet, og sporene vi lager selv eller leter opp, skaper et rom hvor vi ønsker eller ikke ønsker å være. Vi vil med dette utgangspunktet skape utstillingsrom som gir betrakteren opplevelser, assosiasjoner og referanser til egne spor og referanser.»

Temaet blir konkretisert i smykker med individuelle innfallsvinkler som kan gi videre assosiasjoner. I utstillinga i gamle fjoset presenterer gruppa meir enn 20 smykke. Utstillinga er utforma som ei installasjonsøy der finérøskjer og varierande høgder lagar eigne rom for smykka.

I stallen presenterer ARKIVET katalogen som er laga til utstillinga og ein får ei innblikk i kunstargruppas eige arkiv med dokumentasjon frå tidlegare utstillingar.  Eit nykomponert lydverk (av Tor Jørgensen) vil vera ein del av utstillingsopplevinga.

Camilla Luihn og Putte H. Dal har tidlegare hatt separatustillingar på Hå gamle prestegard, medan Hilde Dramstad har delteke på gruppeutstillingar. Det er første gong Elsie-Ann Hocklin og Heidi Sand stiller ut på prestegarden.

Is this my place? ARKIVET - Klikk for stort bilete

Legg til hendinga i din kalender