Utstilling: Eilif Peterssen

lørdag 6. juni 2015 kl. 14.00

6. juni - 30. august 2015

Eilif Peterssen
Jæren – Et høyst eiendommelig kystland 
teikningar og skisser frå Jæren

Sommaren 1889 innleia ein ny epoke i historia til Jærmåleriet. Då byrja Eilif Peterssen å måla på ein måte som braut med tidlegare oppfatningar og korleis ein skildra eit landskap. Endringa hadde samanheng med ei haldningsendring som oppstod i Europa mot slutten av 1800-talet der det kom kraftige reaksjonar mot teknologi, industrialisme, urbanisme, storkapitalen og mot heile den moderne tida.

Som ei forlenging av dette vendte fleire kunstnarar seg til enkeltindividet og mange ønskte å finne attende til sine «røter», til opphavet og heimstaden.

I staden for å skildra sosiale problem og fattigdom, vart draum, fantasi og djupstemt refleksjon viktig. For å dyrke dette måtte kunstnarane til fjellet, skogen og havet. Det var i denne samanhengen Arne Garborg skreiv sitatet «...og torvmyri vert poesi».

Utstillinga Jæren - et høyst eiendommelig kystland  viser 16 skisser av Eilif Peterssen (1852-1928) innlånt frå Nasjonalmuseet, Stavanger kunstmuseum og privatpersonar. Skissene er laga under hans opphald på Jæren og syner korleis kunstnaren nytta skisseboka for å fange ulike augeblikk og stemningar. I tillegg til skissene syner me originale arbeid innlånt frå Stavanger Kunstmuseum og privatpersonar. Utstillinga består og av kopiar av maleri og dokumentasjon frå hans opphald på Jæren. Utstillinga fortel om  Eilif Peterssen som teiknar, me får vite meir om kvifor han kom til Jæren,  kven han hadde kontakt med her og om den store betydinga Peterssens generasjon jærmålarar hadde for landskapsmaleriet.

I samband med utstillinga blir det gitt ut ein katalog med nyskrivne tekstar av Sidsel Helliesen, Lisabet Risa, Hild Sørby og Jan Kokkin.

Eilif Peterssen Laksefiskere, Figgjo, 1889 Nasjonalmuseet - Klikk for stort bilete
Eilif Peterssen Taresanking, Nasjonalmuseet  - Klikk for stort bilete
Eilif Peterssen. Installasjonsfoto.  - Klikk for stort bilete
Eilif Peterssen. Installasjonsfoto - Klikk for stort bilete
Gjesteboka ved Bellesens Gjæstgiveri, mai 1884 med signatur av Eilif Peterssen  - Klikk for stort bilete

 

Legg til hendinga i din kalender