Utstilling: Karen Klim

lørdag 28. mars 2015 kl. 14.00

28. mars - 31. mai 2015

Karen Klim
Øyeblikkets stillhet 
glass

Hå gamle prestegard har følgt Karen Klim i mange år og er no glade for endeleg å få ei separatutstilling med kunstnaren.   

Karen Klim har sidan 1978 arbeida med varmt glas frå atelieret sitt på Frysja i Oslo. Ho seier at «vann, is og den fastfrosne natur» er element som inspirerer henne. Vidare påpeiker ho at «glasset er et spontant, mykt og føyelig materiale - når det er varmt. For meg er det viktig å beholde noen av de kvaliteter i det ferdige verk. Etter arbeidet er nedkjølt, benytter jeg meg i noen tilfeller av sandblåsning og sliping.»

Eit kjenneteikn med arbeida til Klim er at ho med det varme, flytande glaset, klarer å fange og halde fast sanseligheten og karakteren i forma. Ein kan ofte sjå at den ferdige forma ein gong har vore flytande masse.

I utstillinga på Hå gamle prestegard vil ho syne vasar, stilleben og objekt, alle i fritt forma glas.

Karen Klim (f. 1951) er fødd i København og bur og arbeider no i Oslo. Ho er utdanna ved Kunsthåndverkerskolen i København. Klim har delteke på ei rekkje gruppeutstillingar og hatt fleire separatutstillingar. Ho er kjøpt inn av mellom anna alle Kunstindustrimusea i Norge, Kunstindustrimuseet i København, Victoria and Albert Museum i London og Norsk Kulturråd.

 

Karen Klim, Lyden av frost, 2012. Glasvase  - Klikk for stort bileteKaren Klim, Lyden av frost, 2012 Espen Grøndal

 

 

 

Legg til hendinga i din kalender