Utstilling: Petter Hepsø

lørdag 28. mars 2015 kl. 14.00

28. mars - 31. mai 2015

Petter Hepsø
Projections
skulptur

 

Ikke mange tenker på at når Langbein går tur med Pluto, så er det faktisk en hund som går tur med en hund! I barndommen presenteres vi for en verden der dyr og mennesker er likestilte. Vi mennesker har en tendens til å projisere våre menneskelige egenskaper på alt - og alle! Dyrene ilegger vi våre menneskelige trekk og sider. Vi tilpasser dyrene til oss selv for å se oss selv. Jeg prøver å se dette på ulike måter i min kunst. (KUNST 5-2012)

Petter Hepsø har over ein lang periode arbeida med skulpturar av dyr. Kunstnaren undersøkjer grenseområdet mellom det dyriske og det menneskelige. Medan dyret i kunsthistoria ofte har fungert som spegl for mennesket og deira eigenskapar, let ikkje Hepsø sine skulpturar seg avgrense til etterlikninga.  Hepsø ønskjer ikkje å trekkje opp noko form for grense mellom det menneskeleg og det dyriske. Her er det samansmeltinga og møtet mellom dei ulike artane som er sjølve spenningsfeltet.  

I utstillinga i gamle fjoset på Hå gamle prestegard får me sjå heilt nye arbeid, samt somme verk som gjer eit tilbakeblikk på dei siste ti åra. Utstillinga vil og vera godt synleg utanfrå: ein sitjande hund på 500 kg vil ønskje folk velkomen.

Petter Hepsø (f. 1973)  bur og arbeider på austlandet. Han er utdanna frå Statens kunstakademi i Oslo. Hepsø har hatt ei rekkje separatutstillingar og er kjøpt inn av mellom andre Haugesund Billedgalleri, Statoil og KORO. I tillegg står han bak ei meng utsmykkingar i privat og offentleg regi.

Petter Hepsø. Skulptur av hund med forenkla former.  - Klikk for stort bilete
Petter Hepsø, PROJECTIONS. Installasjonsfoto.  - Klikk for stort bilete
Petter Hepsø, PROJECTIONS. Installasjonsfoto. - Klikk for stort bilete
Petter Hepsø, Weltschmerz (stor) 2014. Utandørs skulptur av sittande hund.  - Klikk for stort bilete
Petter Hepsø, Weltschmerz (stor) 2014. Under transport og plassering av skulpturen.  - Klikk for stort bilete
Petter Hepsø, Weltschmerz (stor) 2014   - Klikk for stort bilete
Petter Hepsø, Weltschmerz (stor) 2014. Nærbilde.  - Klikk for stort bilete

 

Legg til hendinga i din kalender