Utstilling: Øyvind Johnsen

lørdag 24. januar 2015 kl. 14.00

24. januar - 22. mars 2015

Øyvind Johnsen 
Pass over
video 
(punktutstilling) 

Eit gjennomgangstema i Øyvind Johnsen sin kunstnarskap er det nære og sanselege. Videoverket Pass Over er eit djupt personlig prosjekt om det meiningslaust tragiske i at menneske ikkje får leve dei liva dei var meint å leve. Bakteppet er nær europeisk historie. Omdreiingspunktet er smerte.

Utgangspunktet er det som hende eit tysk kjærastepar ein seinsommardag i 1896. Ho var jøde, han var kristen. Dei var nekta å gifte seg med kvarandre, og reiste i fortviling til Noreg og skreiv seg inn under falske namn på Stalheim hotell.  Antisemittismen var allereie då i sterk vekst i Europa.  Kjærleikshistoria er i seg sjølv tragisk, samtidig som ho minner oss om korleis livsvilkåra ofte vert bestemt av samfunn og familie.

Tittelen på videoen er tvetydig, og refererer både til jødisk påske, til overgangar; dette "å gå ut av tida, og til framtidsutsikter. Utgangspunkt for videoen er ei dagbok der historia om kjærasteparet er nedteikna. I avisartiklar og i arkiv vart det som skjedde på Stalheim hotell stadfesta. Videoen er likevel ikkje ein dokumentar eller ei kronologisk forteljing; han er snarare eit poetisk kunstverk bygd opp av ei rekkje ulike sekvensar, som publikum kan gå inn i og ut av, og gjennom dette famne intensjonen til kunstnaren. I "Pass Over" møter vi mellom anna forfattaren W. G. Sebald, i eit radiointervju gjort berre dagar før han døydde. Sebald sin forfattarskap kretsar i stor grad kring temaet minne, - både det personlege og det kollektive. Dette omfattar jødane og Holocaust.

Pass Over, med antisemittisme som eit sterkt, underliggjande tema, er Hå gamle prestegard sitt bidrag for å markere Holocaust og at det er 70 år sidan andre verdskrigen slutta. Dette er og eit bidrag til Hå kommune si satsing «Veka for gjensidig respekt».

Legg til hendinga i din kalender