UTSTILLING: Tradisjon?Tvang?

lørdag 24. januar 2015 kl. 14.00

24. januar - 22. mars 2015

Marianne Moe, Siri Berrefjord, Lars Sture,
Konrad Mehus, Sigurd Bronger,
Nina Maria Kleivan
TRADISJON?TVANG? 
smykke, tekstil og foto

Opning ved kunstkritikar Lars Elton

For å kommentere utstillinga 036 som Fanny Sophie Gjestland syner samstundes på Hå gamle prestegard har ho og kunstkritikar Lars Elton invitert  Marianne Moe (tekstil / objekt), Siri Berrefjord (smykke), Lars Sture (smykke) , Konrad Mehus (smykke), Sigurd Bronger (smykke), Nina Maria Kleivan (foto) til å syne arbeider som alle har eit tema som kan relaterast til den norske nasjonaldrakta.  Arbeida i utstillinga er valt ut for å passe til Gjestland sitt tema. Somme er laga nye for utstillinga, medan andre er tidlegare verk av kunstnarane (1992 – 2015).  

Siri Berrefjord (1972) busett i Hønefoss. Arbeider som fotograf, grafisk formgjevar og designar. Lager mellom anna brosjert etter avstøyping av gamalt norsk bunadssølv (bilete). Sigurd Bronger (1957) er busett i Oslo og utdanna frå MTS Vakschool i Schonhooven, Nederland 1975-79. Han var amanuensis ved SHKS 1998-2004. Innkjøpt av mellom anna Victoria and Albert Museum i London, Nationalmuseum i Stockholm og Kunstindustrimusea i Oslo og København. Nina Maria Kleivan (1960) busett i København. Ho er utdanna mellom anna frå Det Kongelige Danske Kunstakademi og har dei seinare åra arbeida mest med fotografi og installasjon. Konrad Mehus (1941) er busett i Asker. Han er er mellom anna utdanna gullsmed  og har gått på Statens Kunstakademis bilethoggarlinje (1972). Han har stilt ut på alle dei tre kunstindustrimusea  Norge og er kjøpt inn av desse, samt Norsk kulturråd m.fl. Marianne Moe(1975) er busett i Bergen. Ho er utdanna ved Kunsthøgskolen i Bergen og arbeider mellom anna med tekstil. Lars Sture (1961)er busett London og Sogn og fjordane.  Han har sveinebrev som gullsmed og er utdanna ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole i Oslo. Innkjøpt m.a. av Norsk Kulturråd, Kunstindustrimuséa i Norge.

TRADISJON?TVANG? - Klikk for stort bilete
TRADISJON?TVANG? - Klikk for stort bilete
TRADISJON?TVANG? - Klikk for stort bilete
TRADISJON?TVANG? - Klikk for stort bilete
TRADISJON?TVANG? - Klikk for stort bilete
TRADISJON?TVANG? - Klikk for stort bilete
TRADISJON?TVANG? - Klikk for stort bilete
TRADISJON?TVANG? - Klikk for stort bilete

 

Legg til hendinga i din kalender