Utstilling: Eli Glader

lørdag 24. januar 2015 kl. 14.00

24. januar - 22. mars 2015

Eli Glader
Kvinnene i Qala 
eit videoverk

Opning ved Erland Bræin.

Kvinnene i Qala er eit videoverk som tek utgangspunkt i den 800 år gamle og delvis forlatte aserbajdsjanske byen Qala. Eli Glader seier at noko av det ho ønskja med verket var å finne somme av dei eldste kvinnene i landsbyen for å få eit innblikk inn i gamle songer og andre kulturelle uttrykksformer. Videoverket handlar om det å vera menneske, om å være ein del av verda, om korleis me er vár kvarandre og kanskje mest av alt om merksemd. Romma kvinnene blir filma i seier noko om deira  livsforhold og seier i tillegg noko om tida dei lever i; dei enkelte scenene kan framstå som symbolmetta stilleben frå ei anna tid slik dei aldrande andleta til kvinnene fortel om varighet og flyktighet. Lyden frå kvar av dei fem videoane, som er av forskjellig varighet, blir presentert samstundes slik at lydbiletet heile tida endrar seg.  

Eit  møte mellom to verdnar: Som eit supplement til videoverket KVINNENE I QALA syner Eli Glader  videoen LENA FRÅ HÅ. Dette er ei vidareutvikling av prosjektet med kvinnene frå Qala. Stemmene frå opptaket frå Hå blander seg i utstillinga med kvinnene frå Qala. Glader seier at prosjektet i heilskap kan sjåast på som eit møte med det kjente i det fjerne og det ukjente i det nære, eller ganske enkelt, menneskemøter.

Eli Glader er utdanna frå Statens Håndverk- og Kunstindustriskole og Universitetet i Bergen. Ho er innkjøpt av mellom andre Norsk kulturråd og Rogaland fylkeskommune og står bak ei rekkje offentlege og private utsmykkingsoppdrag. Ho har stilt ut i Norge og utlandet sidan byrjinga av 1990-talet. Glader har arbeida med ulikt materiale men har dei siste 10 åra arbeida mest med foto og video.

Eli Glader, KVINNENE I QALA - Klikk for stort bilete
Eli Glader, KVINNENE I QALA - Klikk for stort bilete
Eli Glader, KVINNENE I QALA - Klikk for stort bilete
Eli Glader, KVINNENE I QALA - Klikk for stort bilete
Eli Glader, KVINNENE I QALA, videostill - Klikk for stort bilete

 

Legg til hendinga i din kalender