UTSTILLING: Linda Lothe

lørdag 29. november 2014 kl. 14.00

29. november 2014 - 18. januar 2015

Linda Lothe
FAIRY-LAND
keramikk 

Linda Lothe (1963) har tidlegare vore med på  gruppeutstilling på Hå gamle prestegard, men dette er hennar første separatutstilling på Hå.  

Til denne utstillinga har Linda Lothe laga ei samling skulpturar av menneske og dyr som opptrer i ulike situasjonar. Tema sirkulerer mellom anna rundt eksistensielle utfordringar. Kunstnaren er fasinert av kontrastar og det som skjer i spenningsfeltet mellom det ”vakre” og det ”stygge”.

Lothe er interessert i dualismen i tilvere; at det morosame òg kan vere trist eller at det eventyrlige inneheld noko som er skummelt og dystert. Kunstnaren  seier at ho «nyttar humor som lommelykt» og at ho ønskjer å setje lys på det absurde i livet og på vår eigen utilstrekkelegheit.

.Linda Lothe er fødd i Gøteborg i 1963. Ho er utdanna ved Konstfackskolan, linje for glas og keramikk, Stockholm og har hovudfag frå SHKS, inst. for keramikk, Oslo. Ho har hatt ei rekkje separatutstillingar og har delteke på fleire gruppeutstillingar. Lothe er kjøpt inn av fleire samlingar og institusjonar, mellom anna alle kunstindustrimusea i Norge, Fondet for offentlig utsmykning og Norsk kulturråd.

Linda Lothe, FAIRY-LAND - Klikk for stort bilete

Legg til hendinga i din kalender