Utstilling: Eske Kath

lørdag 29. november 2014 kl. 14.00

29. november 2014 - 18. januar 2015

Eske Kath (DK)
Arena
maleri 

Hå gamle prestegard er glade for å kunne presentere utstillinga ARENA med den danske kunstnaren Eske Kath (1975) i gamle fjoset.

Tittelen syner til ein stad eller ein scene, der ting kan oppstå eller forsvinne. Arbeida til kunstnaren er ofte gåtefulle og eksperimentelle i teknikk og motivval. Han arbeider på rått ugrunna lerret eller plater der han let vera å skjule dei opprissa skissene til komposisjonen. Husformer har ei særskilt tyding i motivverda til Eske Kath. Hjå han fungerer husa som symbol på menneske og som eit ankepunkt i ei, på mange måtar, skremande verd.

I Eske Kath sine motiv kan det postapokalyptiske landskapet ofte sjåast på som ein mogleg ny start. Eske Kath spør: ”Er solen ved at stå op eller gå ned, dækkes den eller bryder den frem?”.  

Kath bur og arbeider i Brooklyn, New York og er utdanna ved Det Kongelige Danske Kunstakademi. Han er representert på galleri i Berlin, Los Angeles, New York og København. I Danmark har han utført fleire offentlege oppdrag, til dømes utsmykkinga av Frederik VIII’s palæ og utsmykking av fleire danske rettssalar. Dette er hans første utstilling i Norge.

Utstillinga på Hå gamle prestegard er eit samarbeid med Viborg Kunsthal der utstillinga vart vist tidlegare i haust. Til utstillinga vert det laga ein katalog som óg er for sal på Hå gamle prestegard.

 

Eske Kath, ARENA, 2014 - Klikk for stort bilete
Eske Kath, ARENA, 2014 - Klikk for stort bilete
Eske Kath, ARENA, 2014 - Klikk for stort bilete
Eske Kath, ARENA, 2014 - Klikk for stort bilete
Eske Kath, A Sanded Place 2014 - Klikk for stort bilete

 

Legg til hendinga i din kalender