Utstilling: Nelli Palomäki

lørdag 29. november 2014 kl. 14.00

29. november 2014 - 18. januar 2015

Nelli Palomäki
About Ten 
fotografi

Hå gamle prestegard har ved fleire høve presentert unge, finske fotografar. Susanna Majuri og Antti Laitinen har hatt utstillingar tidlegare og neste år kjem Isu Susiraja. Og no, heilt på slutten av 2014 får me eit møte med Nelli Palomäki (1981) i det nye fjoset.

I utstillinga på Hå gamle prestegard har Palomäki valt å syne portrett av born og unge. Fotografen ønskjer å finne attende til magien som fotografiet var omringa av då det å bli portrettert var noko utan om det vanlege. I møte med fotografia kan ein nesten kjenne den skjøre spenninga det har vore mellom fotograf og objekt. Palomäki seier at kvart einaste portrett òg er eit portrett av henne sjølv og at det å portrettere nokon er som å avdekke nokon sin løyndom. Fotografi hennar har mange lag, men gjennomgåande tema i ABOUT TEN er oppvekst, minne og tid.

Nelli Palomäki bur og arbeider i Helsinki og er mellom anna utdanna ved Aalto University School of Art, Design and Architecture, Helsinki. Ho har hatt ei rekke utstillingar, bade i Finland og i utlandet, mellom anna på The Finnish Museum of Photography, Helsinki 2013 og The Wapping Project Bankside, London 2012. Fotografia hennar har blitt gjengitt i fleire publikasjonar, som TIME magazine, British journal of photography og Independent magazine. Ho er kjøpt inn av mellom andre Moderna Museet in Stockholm, The Hague Museum of Photography, Hasselblad Foundation i Gøteborg og Helsinki Art Museum. Boka Breathing the Same Air kom ut i 2013 og er for sal på Hå gamle prestegard.

Anmeldelse i Morgenbladet.

 

 

Legg til hendinga i din kalender