Utstilling: Stolte situasjoner

lørdag 18. oktober 2014 kl. 14.00

18. oktober – 23. november 2014

Ingrid Toogood, Lars Korff Lofthus, Harald Fenn, Patrik Entian og Bente Louise Aas
Stolte situasjoner 
maleri 

«Norge der er saa rig på stolte Setuationer; thi dette herlige Land er meget lidet bekiendt hvor fordelagtigt det er for Landskapsmaleren.»
I.C. Dahl i eit brev frå København i 1818. 

Utstillinga Stolte situasjoner syner verk av fem kunstnarar som alle har undersøkt landskapsmaleriet over tid; Ingrid Toogood, Bente Louise Aas, Lars Korff Lofthus, Harald Fenn og Patrik Entian. Gjennom utstillinga, som blir vist i nye fjoset på Hå gamle prestegard, er kunstnarane inviterte til å undersøka landskapsmaleriet anno 2014. Då den dansk-norske unionen vart oppløyst i 1814, vart det ei viktig oppgåve for den ferske nasjonen å konstituera ei ny historie om seg sjølv. Nye bilete som fanga essensen av Norge vart slik ein viktig del av nasjonsbygginga. Det sublime og viltre vestlandslandskapet, med steile fjell og tronge fjordar fekk ei særstilling, då dette stod i størst kontrast til det milde danske landskapet.

I forordet til katalogen som følgjer utstillinga utfordrar direktør ved Nordisk Kunstnarsenter Dale, Arild H. Eriksen, kunstnarane med somme spørsmål: «Har [landskapsmaleriet] stadig et potensial som nasjonal identitetsmarkør, eller er det helt andre verdier og problemstillinger som er virksomme i dag? Er det mulig at maleriet fortsatt kan være med på å forme og definere et norsk representasjonslandskap, slik det var mulig og nødvendig for 200 år siden?»

Utstillinga vart først vist på Kunsthuset Kabuso som eit fellesprosjekt med Nordisk Kunstnarsenter Dale, i samband med markeringa av 200-års-jubileet for Grunnlova. 

 

Bente Louise Aas, UTENFOR BYEN III - Klikk for stort bilete
Harald Fenn - Klikk for stort bilete
Kopi av kritikken i Stavanger Aftenblad  - Klikk for stort bilete
Ingrid Toogood - Klikk for stort bilete
STOLTE SITUASJONER  - Klikk for stort bilete
STOLTE SITUASJONER  - Klikk for stort bilete
STOLTE SITUASJONER  - Klikk for stort bilete
STOLTE SITUASJONER  - Klikk for stort bilete

 

Legg til hendinga i din kalender