Utstilling: Nina Malterud og Beth Wyller

lørdag 18. oktober 2014 kl. 14.00

18. oktober – 23. november 2014

Nina Malterud og Beth Wyller
Keramiske arbeider 

Beth Wyller og Nina Malterud er to av våre store nestorar innan norsk kunsthandtverk. Dei har hatt eit tett fagleg samarbeid sidan 1970-talet. Med bakgrunn i felles utdanning frå keramikk ved Statens håndverks- og kunstindustriskole delte dei verkstad på Frysja i Oslo frå 1980 til 1994. Dei har stilt ut saman ei rekkje gonger, mellom anna i Kunstnerforbundet 1984 og på Nordenfjelske Kunstindustrimuseum i Trondheim 1989 (saman med Lisbet Dæhlin). Ein kontinuerleg fagleg dialog resulterer nå i ei ny utstilling på Hå gamle prestegard.

Beth Wyller
Ei sterk interesse hjå Wyller er å undersøkja korleis små forskyvingar og endringar påverkar det kunstnariske uttrykket. I tillegg til Statens håndverks- og kunstindustriskole har ho utdanning frå skulptur på Statens kunstakademi. Dette kjem fram på måten arbeida beveger seg mellom bilete, skulptur og bruksting. Wyller arbeider med uttrykk og fortellingar som har forankring i keramiske tradisjonar. Leirgods som materiale bærer med seg allmenne referansar til keramikken si historie, som blir ein del av det kunstnariske språket.  I dei siste åra har ho mellom anna arbeida med skulptur og store fliser. Gjennom skulpturane vert ei ny dør opna inn i ein velkjent tradisjon i det keramiske faget;  bruken av element som takstein, murstein og drensrør. Motiva på flisene er kvardagsobjekt, enkle nok til at små forskyvingar i biletet utgjer ein stor forskjell. Flisene er prega medan leira er våt, og glasur i mange brenningar er brukt som verktøy for langsamt å byggja opp motivet.

I 1996 fekk Wyller tildelt Kunsthåndverkprisen og i 2003 og 2007 fekk ho «Special Prize» på World Ceramic Biennale i Korea. Ho har hatt ei rekkje utsmykkingsoppdrag og arbeida hennar er innkjøpt av alle tre kunstindustrimusea. Ho har stilt ut på profilerte galleri i Norge og delteke i ei rekkje internasjonale mønstringar.

Nina Malterud
Arbeida i utstillinga er knytta til brukstinga sitt gjenstandsrepertoar, men det er uttrykket og ikkje funksjonaliteten som er høgast prioritert. Spor frå den fysiske og kjemiske prosessen blir utnytta gjennom fleire brenningar slik at kvart enkelt objekt utviklar ein særprega karakter. Tinga får nye sjansar gjennom nye lag og ny brenning, for å oppnå kompleksitet og overraskingar. Glasur blir ikkje berre nytta som ei dekkjande flate, men som del av det tredimensjonale, i ein prosess som er spesifikk for dei keramiske materiala.

Malterud var aktiv med utstillingar og utsmykkingar før ho vart professor i keramikk ved Kunsthøgskolen i Bergen 1994-2002 og rektor ved KHiB 2002-2010, og ho har etter dette teke opp igjen sitt kunstnariske virke.  Ho er innkjøpt av dei viktigaste norske samlingane og fekk Norske Kunsthåndverkeres ærespris i 2005.

 

Installasjonsfoto. Motivet krakk malt på keramisk plate.  - Klikk for stort bilete
Ei bøtte måla på keramisk plate.  - Klikk for stort bilete
Fleire bøtter måla på ei keramisk plate  - Klikk for stort bilete
Ein høg krakk måla på ei keramisk plate.  - Klikk for stort bilete
Ovalt fat i keramikk.  - Klikk for stort bilete
Sikulært objekt i keramikk. Brun krekelert flate med kvit sirkel rundt.  - Klikk for stort bilete
Kvadratisk keramisk palte med gul sirkel måla på  - Klikk for stort bilete
Keramisk plate med kvite og brune vertikale striper  - Klikk for stort bilete
Kvadratisk keramisk plate med brun sirkel - Klikk for stort bilete
Keramisk plate med bøttemotiv  - Klikk for stort bilete

 

 

 

Legg til hendinga i din kalender