Utstilling: Picaresque

lørdag 6. september 2014 kl. 14.00

6. Sept – 12. oktober  2014

Guy Allott, Dave Ball, Colin Guillemet, Emma Hart, Dai Jenkins, Peter Jones, Debbie Lawson og Helen Nodding
Picaresque
diverse teknikkar

I gamle fjoset inviterer me på ei reise ved hjelp av forteljande kunstverk. Bakgrunnen for tittelen er ein litterær sjanger (pikaresk på norsk) som opprinneleg kom frå Spania og som blomstra i Europa i løpet av 1600- og 1700-talet. Eit særtrekk for denne typen roman er at helten ofte går gjennom ulike hendingar med eit surrealistisk preg, som til dømes Alice i eventyrland. Det er den britiske kunstnaren og skribenten Debbie Lawson som har valt ut verk til utstillinga. Med utgangspunkt i sitt eige kunstnettverk vil ho at publikum skal vera med på ei munter og tankevekkjande reise gjennom naturen, byen og dyreriket. Ein får møte ulike verk av til dels surrealistisk karakter. Utstillinga oppfordrar til historieforteljing og har difor fleire narrative aspekt. Kvart arbeid er på ein eller anna måte kopla til det neste, og det neste etter det igjen heilt til ein kjem til høgdepunktet i forteljinga. Utstillinga består av skulptur, maleri, installasjon og video.

Sundag 7. september kl. 13.30 tek kunstnaren Guy Allott oss med på ei vandring i utstillinga der han tydeleggjera korleis dei ulike verka speler på kvarandre.

Utstillinga er ein del av Hå gamle prestegard si satsing «Blikk til London» der me ønskjer å setje fokus på den kunstnariske utvekslinga det er mellom vestlandet og Storbritannia. Prosjektet er støtta av Norsk kulturråd.

Guy Allott, Woodburner spaceship - Klikk for stort bilete
Debbie Lawson - Klikk for stort bilete
PICARESQUE - Klikk for stort bilete

 

Legg til hendinga i din kalender