UTSTILLING: You're Probably Wondering Why I'm Here (Ny i Norge)

lørdag 14. november 2020 kl. 14.00

14. november 2020 – 10. januar 2021
You're Probably Wondering Why I'm Here (Ny i Norge)

 

You're Probably Wondering Why I'm Here (Ny i Norge)
tekstil / grafikk / maleri / installasjon
Kiyoshi Yamamoto, Araiz Mesanza, Izabela Żółcińska, Lucía Aragón, Mike Ben hadj (MUGA), Ric Francis, Yachi Shian Yuan.

Gjennom fleire år i Norge (mellom anna som student ved KHiB) har Kiyoshi Yamamoto fått inntrykk av at situasjonen for mange kunstnarar i Norge er vanskeleg, men for kunstnarar med minoritetsbakgrunn er det ofte endå vanskelegare.

Til utstillinga på Hå gamle prestegard har han invitert med seg seks kunstnarar med utanlandsk bakgrunn. Yamamoto ønskjer å trengje gjennom eit system som har liten plass til desse kulturaktørane. Han seier at kunstnarane i utstillinga har meir til felles enn «bare lyst til å være i Norge». Dei har eit sterkt ønskje om å formidle kunsten deira og å vera med å bygge eit samfunn som tek kunsten og mangfaldet seriøst.

Utstillinga har kome i stand i samarbeid med mentorprogrammet «Her og der» ved Marie Skeie og Motaz al Habbash. Les meir om deira prosjekt her.

Legg til hendinga i din kalender