Kulturvern

Kulturminna fortel oss noko om korleis menneska før oss har levd, og gir oss ei kjensle av identitet og kontinuitet i lokalsamfunnet. Ein kommune med mange og ulike kulturminne som vert haldne i god stand, tek også vare på eigenarten sin.

Garden Bjelland i Hå kommune Elin Høyland

Hå gamle prestegard er ansvarleg for kulturvern i Hå kommune. 

Hå kommune har mangfaldige og rike kulturtradisjonar, samt spennande spor etter busetnad frå steinalderen og fram til i dag. I tillegg til ulike kulturminne og museum har kommunen både fyr til leige og eige kunstgalleri med eit interessant program.

Kulturvernet i Hå kommune arbeider med vern, vedlikehald og brukstilpassing av kulturminne ut frå ei vurdering av desse som kulturhistoriske, sosiale, økonomiske, estetiske og antikvariske ressursar i dagens og framtidas samfunn.