Jærhus

Jærhusa er ein hustype som er typisk for Jæren. Dei representerer ein ubroten byggetradisjon, frå forhistorisk tid, gjennom folkevandringstida, mellomalderen og heilt fram til første verdskrigen.

På 1800-talet var denne jærhusa den vanlegaste hustypen på Jæren, men frå byrjinga av 1900-talet byrja andre hustypar å dominera. Etter andre verdskrigen og fram til 1980-talet vart svært mange jærhus rivne. I dag står det att om lag 100 jærhus, og av desse er 73 lokaliserte i Hå kommune.

Sjølv om jærhusa har varierande vedlikehalds- og tilstandsgradar, og kanskje har blitt bygde om i ulike tidsepokar, har dei i utgangspunktet fleire klare felles trekk. Dei var låge, symmetriske eller tilnærma symmetriske med skutar, ein på kvar kortvegg. Døra med bislag var plassert i midten, oftast med to og to samanstilte vindauge på kvar side. Vanlegvis var jærhusa plasserte med den eine langsida mot havet, med skutane som vern mot vêr frå nordvest og søraust. I dag er husa panelte, men tidlegare var ofte sidene lødde opp av stein.

Med den låge, langstrekte forma kunne husa nærast gå i eitt med landskapet. Jærhusa er såleis ein ressurs- og naturtilpassa byggeskikk for det karrige jærlandskapet. Dei vitnar om ein livsform der samarbeid med naturen var naudsynt, og er berarar den jærske identiteten. Jærhusa er verdifulle og historisk viktige bygningar i både lokal og nasjonal samanheng.

 

Kvianes Lise Bjelland