LANDBRUK I ENDRING

I samband med rullering av Kulturvernplanen for Hå kommune har Olav Magne Tonstad, tidligare landbrukssjef i Hå, skrive fleire artiklar om byggeskikken i jordbruket i Hå og korleis det jærske landskapet har endra seg i tida frå andre verdskrigen og fram til i dag. 

Den første artikkelen er publisert i teksten under. 
 

Byggeskikken i jordbruket i Hå etter krigen og fram til i dag
 

Tekst: Olav Magne Tonstad. Tidligare landbrukssjef i Hå kommune. 

«Det nye bryter frem, og stykke for stykke går det gamle til grunde; jeg synes at høre braget og rammelen, nu hist, nu her – det bliver ikke engang tid til å få den gamle bygnings-skik fuldstendig afbildet, så efterslægten kan se, hvordan forfædrene have haft det på sine gårde og i sine huse.»

Eilert Sundt skreiv dette i 1862, etter å ha reist rundt i Norge. Han var også fleire gonger på Jæren. Om endringane i landbruket skjedde fort på den tida då Eilert Sundt levde, så skjer dei utvilsamt mykje raskare i dag. Byggeskikken i landbruket har endra seg mykje etter krigen, og særleg dei siste 20 åra etter årtusenskiftet.

Den driftige Håbonden

Den driftige og innovative håbonden har vore ein pådrivar for bygging av nye driftsbygningar. Han har vore rask til å snu seg rundt og bygge nytt. Det å vere driftig og hardtarbeidande har i lang tid vore eit kjenneteikn ved håbonden, og er det framleis. Saman med ei sterk dugnadsånd har dette vore viktige føresetnader for utviklinga av jordbruket i kommunen. Håbonden er handlingsorientert og synes at det er viktigast å sjå framover. Den nærmast einerådande filosofien er at du må satse for å overleve.

Historikar Svein Ivar Langhelle skriv i band 3 i Hå kulturhistorie at ein må «langt tilbake i historia for å finne røtene» til dei jærske haldningane til arbeid og jordbruksdrift. Han skriv vidare at «Det å vere ein dyktig bonde har vore og er framleis ein del av jærbuen sin identitet og sjølvbilde. Det er ein måte å tenkja på som mange har felles, slik at me kan snakka om ein «mentalitet».» Svein Ivar Langhelle tidfestar denne jærske arbeidsmoralen og den driftige jærbuen til tidleg på 1800-talet. Jæren var eit overskotssamfunn på slutten av 1800-talet og selde jordbruksprodukt. Jærbøndene hadde korn å selja, og dei selde kornet der dei fekk best betaling. Jærbonden utvikla alt på den tida eit forretningsjordbruk.

Bonde Jofrid Torland Mjåtveit på Torland fortel at faren, Ole Torland, aldri fortalde historier om gamle dagar. Faren tenkte alltid framover. Han var den første til å bygge nytt lausdriftsfjøs på Jæren.

Hå-identiteten har fått sin omtale i Band 4 av Hå kulturhistorie Band 4. Bjarte Bø skriv der at håbuen sin identitet er sterkt knytt til jordbruket og det å vera ein «dyktig og framtidsretta bonde». Denne mentaliteten er overført til andre sektorar og til det offentlege livet.

I Hå kommune smittar arbeidslysta og investeringsviljen. Her er det blitt tradisjon å bli moderne. Grisebonde Tommy Hadland uttalte i eit intervju med Nationen 15. april 2004 at «Når naboen står på, da smitter det.» Til den same avisa uttalte bonde Kristian Skrettingland 16. juli 2004: Jeg ser lyst på framtida. Jeg hadde ikke drevet med dette hadde jeg ikke vært optimistisk.» Som jordbrukssjef i Hå i 16 år frå 1999 til 2015 har eg vore vitne til denne utviklinga. Nå det gjaldt bygging av nye driftsbygningar og då særleg lausdriftsfjøs, trengde eg ikkje motivere bøndene, snarare tvert i mot. Dei tilpassa seg regelverket og sto på.

Anne Jorunn Frøyen ved Jærmuseet meiner at på 1950-talet var jærbonden på sitt aller mest driftige. Jærbonden har framleis toet i seg til å tenkja nytt, men ho spør i eit intervju med Jærbladet 24. desember 2001 om jærbonden framleis er driftig. Ho meiner at det blir færre driftige jærbønder. Ho peikar på at «Kjenneteiknet på ein driftig jærbonde er at han er ein kombinasjon av arbeidsam bonde og forretningsmann. Han er fagleg oppdatert og er ikkje redd for å prøve noko nytt. Han har stor tru på maskinkulturen og målar sine resultat i produksjonsvekst. Jærbonden og bedriftseigarane står kvarandre nær i synet på suksess.» Anne Jorunn Frøyen peika i dette 20 år- gamle intervjuet på at «Lovar, reglar og overproduksjon har gjort det vanskelegare for jærbonden å vere driftige». «På 1970- og 80-talet møtte jærsk landbruk eit tak på kor effektiv og rasjonell dei kunne driva jord og dyr. Deira egne driftige metodar var i ferd med å innhente dei. Det blei sett fokus på forureining, kunstgjødsel og kraftfôrbruk i landbruket. Forskrifter, lover, forbod og restriksjonar hagla ned over dei effektivitetssugne bøndene i vest.» Det har ikkje alltid vore lett for håbonden å få dyrke meir jord. Og det vart problem med å få gjødsla opp utmarka til beite. Utrykket den «driftige jærbonden» fekk i enkelte kretsar ein negativ klang.

Historikar Halvard Nordås ved Universitetet i Stavanger ser ikkje berre positivt på den driftige jærbonden. Han uttalte i eit intervju med Bondebladet 16. februar 2006 at han meiner at utviklinga har gått for langt, og peiker på entreprenørskapen der ei gruppe entreprenørar nyttar den nye situasjonen til å skaffa seg større jordbruksareal og fleire og fleire husdyr. Jaget etter Mammon har teke over. Halvard Nordås hevdar at dersom utviklinga held fram, vil ein få eit nytt klasseskilje i jordbruket på Jæren.

Store endringar både ute og inne
 

Endringane i byggeskikken er først og fremst eit resultat av den teknologiske utviklinga, så som mekanisering både ute på jordene og inne i løa, nye byggemåtar, nye materiale, etc. Her har det vore eit godt samarbeid mellom dei lokale reiskapsfabrikkane på Jæren og bøndene. Mange av reiskapane og utstyret som bøndene tok i bruk vart produsert på Jæren. Dette var også ei av årsakene til at dei var raske til å ta i bruk det nye. Her er det nok å nemne silosvans, høysvans, fôrhaustar, høyrive, gjødselvogner (doffen), avlessarvogn, siloheis, silorivar, fôrutleggar, fòrvogn, gjødseltrekk, gjødselpumpe, gjødselskrue, mjølkemaskin, siloformer, betongelement, etc. Lista kunne vore lenger.

 

Gråtassen som var den vanlegaste traktoren dei første åra etter krigen. Ingeborg Skrudland / Jærmuseet

 

 

Det er usikkert når den første traktoren kom til kommunen, men den kom i mellomkrigstida. I 1949 var det 68 firehjulstraktorar på gardane i det noverande Hå. Det var traktor på berre kvar 12. gard som hadde meir enn 5 dekar jord. Samtidig var det i alt 1662 hestar i kommunen, eller halvannan hest på kvar gard. Utover på femti- og sekstitalet var det stadig fleire bønder som kjøpte sin eigen traktor. Og dei som ikkje kjøpte, leigde traktorhjelp. Maskinstasjonane vaks fram i kjølvatnet av traktoren.

Endring av fôringa med overgang frå høy til silo førte til at siloane vart bygde, og ledige høyrom vart bygd om til fjøs. Dei første siloane kom like før krigen starta i 1940. På Nordra Tjemsland står det ein av dei første siloane som vart bygt på Varhaug. Den var bygd ca. 1940, og støypt i betong. Den står i dag på garden til Kristian Skrettingland. På Bjorland vest for Nærbø sto det to gamle siloar, som sannsynlegvis er bygt på slutten av 30-åra. Då driftsbygningen vart riven og fjerna for nokre år sidan, vart siloane flytta til hagen utanfor Køhler-Paviljongen på Nesheim.

 

Ein av dei første siloane som vart bygde på Varhaug. Siloen står på garden til Kristian Skrettingland, som ligg på Nordra Tjemsland. Olav Magne Tonstad

 

 

Først etter krigen vart det meir vanleg med silo. På mange gardar var det eit stykke ut på 1950-talet ikkje vanleg å bygge silo i samband med bygging av ny driftsbygning. Traktoren, silosvansen og fôrhaustaren gjorde arbeidet med siloslåtten mykje lettare. Høysvansen kom i 1950, og silosvansen kom om lag samstundes. Det tørre høyet skulle køyrast inn på låven. Dersom siloen var inne i løa, måtte ein også kome inn på låven med traktoren. Derfor måtte låvegolvet vere trygt og sterkt. Der det ikkje alt var støypt dekk over fjøset, måtte bøndene få støypt dekk. Dette vart endå meir påkravd då forhaustaren kom på slutten av 1950- talet. I utlandet var forhaustaren teken i bruk på den tida. På Sola var det i 1958 demonstrasjon av Taarup forhaustar for bøndene på Jæren.

Serigstad Maskinfabrikk på Bryne arbeidde med å utvikle sin eigen forhaustar, som kom i 1960. Den kom til å revolusjonere innhausting av graset på Jæren. Høygaffelen på låven vart skifta ut med siloheis. Tresperra vart skifta ut og erstatta med stålsperr. På nokre av gardsbruka vart etterkvart siloheisen skifta ut med fylltømar. I fjøset vart høygaffel og trillebåre skifta ut med fôrvogn eller fôruttleggar.

 

Serigstad-forhaustaren vert framleis nytta på Jæren, som her på ei kjelve på Topdal i Matningsdal. Olav Magne Tonstad

Bruken av tårnsilo auka kraftig etter krigen, og nådde ein topp på 1990-talet, for så å gå nedover etter 2000. Utviklinga ser ut som ei normalkurve. Siloane var opptil 10-12 meter høge. Mange bønder brukar ikkje lenger tårnsiloane, som er erstatta med rundballar og plansiloar. Plansiloane blir støypt, og då gjerne to til tre plansiloar ved sida av kvarandre. Kravet til effektivitet og rasjonalitet har ført til at bøndene tek meir i bruk plansiloar. Det går fortare å fylle plansiloane, og det er også enklare å køyre inn silofôret Det blir derfor bygd få nye tårnsiloar i dag. Og dei som blir bygd, blir bygd inntil den toetasjes driftsbygningen som bøndene har frå før. Ein bonde slår i dag fleire hundre dekar med gras på eit par dagar, rett nok med fleire personar i arbeid og fleire traktorar. Forhaustaren er parkert og bytta ut med ein slåmaskin framme og ein bak på traktoren.

 

 

 

 

 

 

Rundballemaskinar, grassnittar og sjølvlessande vogner har teke over
 

Endring i bruken av husdyrgjødsel med overgang frå fast gjødsel og land til blautgjødsel, førte til at det vart bygd lager for husdyrgjødsel under fjøset. I 60-åra starta bøndene med å blanda fast gjødsel og land til blautgjødsel, som vart tappa eller pumpa over i gjødselvogna og køyrt ut på jordene.

 

Gjødsellager på Bratland, der det ikkje er bygd husdyrrom oppå. Lageret er bygt på byrjinga av 80-talet. Planen var å bygge husdyrrom opp, men det vart ikkje gjort. Jorda blir i dag leigd bort. Olav Magne Tonstad

 

 

Utover i 70-åra kom det strenge miljøkrav for å redusere forureining frå landbruket. Forskrift om silopressaft kom i 1973, og forskrift om husdyrgjødsel kom i 1982. Bøndene måtte ha minimum 8 månaders lagringskapasitet for husdyrgjødsla, som måtte spreiast i vekstsesongen. Dette føre til ei storstilt utviding av lagerkapasiteten for husdyrgjødsel. På 1980- og 1990-talet hadde staten ei tilskotsordning, der det vart gitt tilskot til utviding og bygging av nytt gjødsellager. Men på grunn av overproduksjonen, fekk ikkje bøndene bygge husdyrrom oppå gjødsellageret. Dei som gjorde det, måtte utvide gjødsellageret endå meir, for ikkje å gå glipp av tilskotet. Seinare vart dette forbodet fjerna. Men det er framleis mange slike gjødselkummar utan husdyrrom oppå. Firkanta og runde gjødselkummar kom det fleire av ut over i 70- og 80-åra.

 

Hå Element sin fabrikk på Varhaug. Det var her Håbygg starta i 1968 med å produsere betongelement, som revolusjonerte bygging av nye driftsbygningar på Jæren. Olav Magne Tonstad

 

 

Den runde gjødselkummen har med åra blitt større, og den har teke meir og meir over som utandørs gjødsellager. Inne i fjøset fekk gjødselrenna gjødselrist over seg, og måking for hand vart erstatta med gjødseltrekk. Eller så vart gjødselrenna fjerna heilt, og gjødsla hamna direkte ned i hevdakummen.

Bruk av betongelement revolusjonerte bygging av driftsbygningane. Håbygg på Varhaug starta i 1968 å produsera betongelement, som vart nytta til vegger i driftsbygningane. Det vart støypt dekk over fjøsa. Elementa tok over for mursteinen og sementblokkene. Det var mykje arbeid å mura doble musteinsvegger med isolasjon mellom veggene. Det var derfor arbeidssparande då elementa kunne leverast ferdige og setjast opp på nokre få dagar. Betongelement er framleis det mest vanlege byggematerialet i veggene.

Når den elektriske straumen kom til gardane, var bøndene raske til å kjøpe seg mjølkemaskin. Nokre bønder hadde fått mjølkemaskin før krigen. Men dei fleste kjøpte seg maskin etter krigen. I 60- og 70-åra vart spannmjølkemaskinen skifta ut med røyrmjølkingsanlegg. Mjølkespanna vart skifta ut med mjølketank. Der det vart bygt lausdriftsfjøs, sette dei inn mjølkestall. Mjølkeroboten vart teken i bruk i 2001. Utover på 2000-talet var det stadig fleire bønder som bygde lausdriftsfjøs med robot.

Mekaniseringa endra rollemønsteret på gardane

Med mjølkemaskinen og traktoren endra også rollemønsteret seg på gardane. Det var for det meste kvinnene som hadde hatt arbeidet med å handmjølke kyrne. Andre arbeidsoppgåver i fjøset for kvinnene var ofte stell og fôring av kalvane og grisene. Sjølv om kvinnene framleis var med i fjøset etter at mjølkemaskinen kom, var det på stadig fleire gardar mennene som tok over meir av fjøsstellet. Med hesjing og høy var det mykje arbeid for kvinnene ute på jordene med rive og høygaffel. Dette minka då traktoren og forhaustaren kom. Grashaustinga vart etter kvart fullt ut mekanisert, og kvinnene vart overflødige. Dei tok seg av husarbeidet. Det nye var at stadig fleire kvinner tok seg arbeid utanom garden, med kontor- og butikkarbeid, eller på sjukeheimen, etc. I dag er arbeidsdelinga endå sterkare, og på mange gardar er kvinnene ikkje lenger med i gardsarbeidet. Men som ei motvekt til dette, er det stadig fleire kvinner som nytar seg av odelsretten og som tek over familiegarden. På desse gardane tek kvinnene ein stor del av fjøsstellet, og det er ofte dei som har ansvaret for gardsdrifta.

Lite fokus på driftsbygningen som kulturelement

Driftsbygningen er den bygningen som set sterkast preg på kulturlandskapet på Jæren. Satsing på husdyr har ført til at det alltid vore stor byggeaktivitet i jordbruket. Hå kommune er den største husdyrkommunen i landet. Det er få eller ingen andre kommunar som har høgare konsentrasjon av driftsbygningar. Likevel har det vore lite merksemd og fokus på byggeskikken i jordbruket, og dei store endringane som har skjedd i etterkrigstida. Det har vore lite debatt om driftsbygningen som kulturelement.

 

Eit gammalt Jærhus, som ligg nede ved sjøen på Varhaug. Olav Magne Tonstad

 

 

Det har vore langt meir merksemd om Jærhuset, som har fått ein sjølvstendig plass i soga om norsk byggeskikk og arkitektur. Det same har «de røde låvene på Østlandet». Jærhusa har fått vernestatus. Men det er få gamle driftsbygningar som har fått same status.

Det estetiske har måtte vika for det funksjonelle

Når det har vore tale om driftsbygningane i jordbruket, har det ofte vore det negative som har blitt trekt fram. Det er blitt klaga på stygge bygningar som ikkje har blitt rivne og fjerna, at gamle bygningar ikkje har blitt tekne vare på, at mange driftsbygningar står tomme og forfell, etc. Sjølv om det er fleire bønder med kulturinteresser, er det ikkje dette håbøndene er kjende for. Estetikken har ikkje stått i høgsetet. Det estetiske har ofte måtte vika for det funksjonelle og rasjonelle, og det gamle har måtte vika for det nye. Likevel finst det bønder som har vore opptekne av det estetiske. For eksempel brukte Nærbø Bondelag i mange år på slutten av 1900-talet pengar frå Gauslandslegatet til å premiere fine gardstun.

Tidlegare departementsråd i Landbruksdepartementet, Per Harald Grue, skreiv i jubileumsutgåva for Bondevennen som kom ut i 1998 fylgjande karakteristikk av Rogalandsbonden: «Særlig Rogalandslandbruket representerer det mest «agrare» vi har i Norge. Det er i andre deler av landet vi finner kulturen som en sterk del av landbruket i byggeskikk, tradisjon, osv. Verdiene i landbruket i Rogaland er I stor grad knyttet til jorddyrkinga.» Dette stemmer godt med det som ein bonde sa til Grue: «Det gildaste eg veit er å kunne dyrka ny jord.»

Bjarne Tron Egeland, tidlegare fylkesagronom i tekniske fag hjå Fylkesmannen i Rogaland, er estetikaren blant bygningsplanleggjarane i Rogaland. Han skreiv i ein artikkel i årboka til Jærmuseet om Uthus på Låg-Jæren fylgjande: «Kulturvernet har hatt tronge kår i Norge frå krigen var slutt i 1945 og omtrent fram til nå. Ikkje minst har dette vore tilfellet på Jæren.» Han skriv vidare at«Tidsånda var slik at det gamle skulle bort og nytt koma i staden. Ja, det var nærast eit statussymbol å få vekk alle dei gamle «gamle rønnene». Bjarne Tron Egeland innser at kvar tid har sin byggeskikk, men spør seg likevel: «Er det ikkje mogleg å byggja hus i dag som går saman med Jærnaturen til ein harmonisk heilskap – utan at vi må fira på krava til funksjon og rasjonalitet.»

Håbonden får ofte sterke karakteristikkar, både på godt og vondt. Biletet er likevel meir nyansert enn det som kjem fram i dei sterke karakteristikkane av bonden. Rett nok er mange gardstun i dag prega av manglande samordning og svikt i kravet til god arkitektonisk form. Val av bygningsmateriale på vegger og tak krev omtanke. Stålplater og aluminiumsplater er fine i starten, men etter nokre år falmar fargen og malinga flassar av. Nokre bønder har synt stor kreativitet og brukt sterke fargar på driftsbygningen. Det er særleg ombyggingar og bygging av siloar som har utfordra estetikken. Då siloane kom etter krigen hadde mange bønder alt ein brukbar driftsbygning. Dei bygde derfor ikkje ny bygning, men siloane vart plassert ved sida av låvebrua, på den eine langsida eller i enden av fjøset. Ei «vorte» for kvar ny silo. Mange siloar vart skjemmande framandelement inntil ein elles fin driftsbygning.

Landbruksbusetnaden i Jærlandskapet

Utover i 80- og 90-åra vart det sagt mykje negativt om den nye byggeskikken på landsbygda i Rogaland, og mykje av kritikken vart retta mot Fylkesmannen i Rogaland. I 1992 vart det derfor sett i gang eit 4-årig prosjekt som såg på Landbruksbusetnaden i Rogaland. Målet med prosjektet var å medverke til at landbruksbusetnaden i Rogaland skulle bli positive element i kulturlandskapet, ved mellom anna å utvikle funksjonelle typar av driftsbygningar, som var tilpassa moderne driftsteknikk. Fylkesagronom i tekniske fag, Bjarne Tron Egeland, var leiar for dette prosjektet, som fekk mykje positiv merksemd. Bjarne Tron Egeland opplyser at det vart ei haldningsendring blant bøndene, der dei vart meir interessert i å skape fine og trivelege gardstun.

Meir estetikk med dei nye driftsbygningane

Med dei nye driftsbygningane på 2000-talet har det estetiske kome meir fram i bevisstheita til bøndene. På tross av at bygningane er store, er det eit mål for bonden at bygningane skal gli inn i landskapet. Dette har blitt enklare ettersom det no for det meste blir bygt låghus i ein etasje.

Fargane er ikkje like sterke som før. Ofte er den nye bygningen pynta med ein figur av det husdyrslaget som er inne i bygningen. Mange bønder har også brukt tid på å plante buskar rundt bygningen. Dei legg vekt på å ha ein fin og velstelt hage.

Frå lokale til nasjonale og internasjonalt påverka byggeskikkar

Fram til 2000-talet var det etter forholda stor variasjon på driftsbygningane frå landsdel til landsdel, noko som kjem klart til uttrykk i boka «Norges låver», som kom ut i 2014. Dei ulike landsdelane har hatt sine særprega byggeskikkar, og det er råd å skilje dei ulike byggeskikkane frå kvarandre. På Jæren har det etter krigen vore ein fleirbruks driftsbygning i to etasjar i tillegg til kjellar, og med to runde siloar i den eine enden.

 

Jon Martin Haarr på Hårr bygde ein vinkel til driftsbygningen, der han hadde griser i tre etasjar, til og med i kjellaren. Han hadde mange griser og kyr i bygningen. Sonen Martin Haarr fortel at faren hadde slaktegrisene ute om sommaren. Kjøtet til dei solbrune grisane var ettertrakta. Biletet er teke rundt 1960. I bakgrunnen ligg tyskarbrakka, som etter krigen mellom anna vart brukt til gamleheim. Sveinung Haaland driv garden i dag. Han har no bygt nytt lausdriftsfjøs på garden. Men den gamle driftsbygningen står der framleis. Den blir brukt til kyr, ungdyr og sauer. Grisene forsvant for 3-4 år sidan. Det gamle bustadhuset er rive. Det står eit anna hus på garden i dag. Widerøe flyfoto

 

 

Kyrne heldt til i første etasje. Grisene var enten i den eine enden i første etasje, eller på låven i andre etasje. Hadde dei sauer på garden, så vart dei vanlegvis plassert i kjellaren eller ein anna stad i bygningen, der det var ledig plass til dei. Eller så vart sauene plassert i den gamle løa, som vart til overs då det vart bygt ny driftsbygning. Denne fleirbruks driftsbygningen er det framleis mange av rundt om på gardane. Men det er stadig færre av dei som er i aktiv bruk, ettersom dei er blitt bytta ut med andre og meir moderne bygningar.

Utover i 60- og 70 åra vart håbøndene påverka av impulsar frå utlandet, og då ikkje minst frå Danmark, Nederland og Tyskland. Redaktør Per Vabø i Bondevennen var tidleg ute og arrangerte fagturar til utlandet. Tilbake på kontoret igjen skeiv han lange referat frå turane, som stod på trykk i Bondevennen. Mange jærbuar hadde nærmast klippekort på Danskeferga, og dei var stamgjester på Herningmessa. Grisebonde Sigve Bø fortel til Bondevennen at på 1980-talet reiste bøndene frå Jæren i fullasta bussar til Herningmessa for å få nye impulsar. Impulsar frå Danmark har ført til endingar av byggeskikk, både når det utforming og bygging av uisolerte bygningar. Jærbøndene har også engasjert bygnings- og logistikkonsulentar frå Danmark. Dei driftsbygningane som er blitt bygt på slutten av 1900-talet og framover representerer i større grad ein nasjonal eller internasjonal byggeskikk, mens det lokale og regionale preget vert gradvis svakare. Vi finn i dag same type

driftsbygning på Jæren, på Austlandet eller i Trøndelag. Sjølv om bygningsmateriala kan variere frå landsdel til landsdel, er skilnaden mellom bygningane i ferd med å verta viska ut.

Bygde etter det som dei hadde jord til
 

Gammalt gardstun langs Buevegen, aust for Skrettingland. Olav Magne Tonstad

 

 

Fram til årtusenskiftet var det storleiken på garden og mjølkekvoten som avgjorde storleiken på driftsbygningen. Det var mindre tilgang på leigejord, og samdrifter var det få av. Bøndene måtte derfor for det meste satsa på den jorda som dei eigde. Fylkesmannen passa på at bøndene ikkje bygde for stort. Det skulle vere samanheng mellom arealgrunnlaget og storleiken på den nye driftsbygningen.

Bygger nå langt større enn det som dei har jord til

Meir leige av jord og etablering av store samdrifter førte på 2000-talet til at bøndene bygde 3-4 gonger så store fjøs som dei hadde jord og kvote til. Regelverket er blitt liberalisert fleire gonger. Kvotetaket er blitt heva til 900 000 liter mjølk.
 

Rune Kvassheim har bygd stor driftsbygning på Kvassheim. Han er i samdrift og leiger mykje jord og mjølkekvote frå andre bønder. Olav Magne Tonstad

 

Bonden kan skaffe seg meir kvote ved å kjøpe kvote leige kvote, eller å gå i samdrift. Bonden sitt arealgrunnlag er blitt utvida ved kjøp av tilleggsjord eller leige av jord. Ein bonde som tidlegare hadde 25 kyr, driv i dag med 100 kyr. For å kunne gjere det, er det blitt bygd ein fire gonger så stor driftsbygning. Men på tre andre gardar, som før dreiv med mjølk, står driftsbygningane tome.

 

Frå alle husdyr i same bygning til ein bygning for kvart husdyrslag

Før var dei fleste husdyrslaga samla i ein bygning. På Jæren har det etter krigen vore vanleg med ein fleirbruks driftsbygning. Det vanlege no er at kvart husdyrslag har sin bygning. Til og med siloar og husdyrgjødsellager vert bygde for seg. Fjørfebøndene var tidleg ute med å bygge eigne hønsehus i ein etasje, og dei starta med dette få år etter krigen.

 

Husdyra har kvar sin bygning; først lausdriftsfjøs, så sauehus og deretter grisehus. Bygningen i bakgrunnen blir brukt til storfe og griser. Siloane er ikkje lenger i bruk og alt graset blir balla. Olav Magne Tonstad

 

 

Seinare kom hønsehus med plass til 2000 verpehøner, som var konsesjonsgrensa då husdyrkonsesjonsreglane vart vedtekne i 1975. Om lag samstundes starta grisebøndene med å spesialisera seg og bygge eigne grisehus i ein etasje. Seinare fylgde mjølkebøndene etter og bygde eigne driftsbygningar for mjølkekyr.

 

Eigne hus for kalvane. Olav Magne Tonstad

 

 

Til og med kalvane har fått sine eigne hus. Problem med smitte førte til at mange bønder plasserte kalvane i eigne plasthus ute. Dette vart vanleg ut på 2000-talet, då dei nye lausdriftsfjøsa kom. Seinare har kalveboksane fått eit overbygg.

Stor driftsbygning og lite bustadhus

Eit særmerke ved gardstuna på Jæren har vore eit lite bustadhus og ein stor driftsbygning. Nøkternheit og det å sett tæring etter næring, har prega håbonden. Det var drifta som skulle prioriterast, og ein skulle ikkje flotta seg med eit stort bustadhus. Her skilde jærbonden seg ut.

Store bustadhus var vanleg i andre delar av landet, og ikkje minst på storgardane på Austlandet og i Trøndelag.

 

Olav Lende bygde stor driftsbygning då han bureiste på Torland i 1969. Men han nøydde seg med eit lite bustadhus. Karin Hansen Nærland

 

 

Gardstunet til Olav Lende på Torland utanfor Nærbø er eit typisk eksempel på ein nøktern livsstil. Han bureiste ein gard så seint som på slutten av 60-åra, og bygde stor driftsbygning og lite bustadhus. Håbonden er framleis nøktern. Men ein del av «sparsommeligheten» er borte, og det er nokre av den nye generasjonen bønder som «skeier ut» med store hus med romerske søyler, som bryt med dei gamle jærhusa. No vert det bygd bustadhus i alle variantar og utan eit lokalt preg.

Arealkrevjande byggeskikk

Fleirbruks driftsbygningen med fleire etasjar var lite arealkrevjande. Tidlegare var det nok med eitt mål jord til bygningane på garden. I dag breier nye store bygningar i ein etasje seg utover og krev meir jord. Eit gardstun har i dag ein storleik på 5 dekar og oppover til 15 -20 dekar. Og det er ikkje lenger mogleg å samle alle bygningane i eit tun. Byggeskikken har gått på kostnad av jordvernet. Bøndene står for ein femtedel av den dyrka jorda som blir nedbygd, og som regel er det god jordbruksjord som blir bygd ned. Hå kommune starta på 2000-talet med å føre rekneskap over nedbygging av dyrka jord på gardane.

Alternativ bruk av gamle bygningar

Det har på 2000-talet vore mykje debatt og skriving om bruken av dei gamle driftsbygningane på gardane. Riksantikvar Jørn Hole skriv føreordet til boka om Norges låver at «Mange driftsbygninger har mistet sin opprinnelige funksjon, og svært mange står ledige.» Dette er også tilfelle for mange løer på Jæren og i Hå. I nokre tilfelle er løene blitt påbygde eller ombygde. I andre tilfelle er dei blitt brukt til lager, eller dei er blitt ståande tome. Nokre er også blitt bygd om til verkstad, serveringslokale, utsal, museum for gamle bilar, selskapslokale, leilegheiter, etc. Ideane har vore mange. I nokre tilfelle har kommune og fylkesmannen sett ein stoppar for alternativ bruk av bygningane. Bygningane på garden skal brukast til jordbruksføremål. Skal dei brukast til andre føremål, må bonden søke dispensasjon, noko som det ikkje alltid har vore så lett å få. I samband med bruksrasjonalisering og frådeling av bygningane på garden har det vore ein stor diskusjon om kva dei tome løene skal brukast til. Stavanger Aftenblad skreiv i 2009 ein artikkelserie om temaet, der det vart orientert om mange spenstige og kreative løysingar. Men likevel har mange bygningar blitt ståande tome, og dei står der til nedfalls. Diskusjonen rundt riving av gamle løer er samtidig eit uttrykk for at mange bygningar har gått ut på dato, og at dei er skjemmande. Mange vil ha dei bort. Andre vil ha ny bruk av bygningane. Tusenvis av løer forfell skreiv Aftenbladet for over 10 år sidan.

Sivilarkitekt Ole Serinius Trodahl peikte i eit intervju med Aftenbladet i samband med denne artikkelserien på at driftsbygningen er ein viktig del av tunet, som bør takast vare på. Bygningane bør ikkje rivast. Han meiner at «vi bør bevare tundannelser i kulturlandskapet. Uten driftsbygninger blir det fort nakent og forblåst.»

Gard utan løe

Sjur Håland frå Varhaug fortel i fjerde bandet av Hå si kulturhistorie om oppveksten på Varhaug i 1960- og 70-åra. Han er fødd i 1962 og var odelsgut til farsgarden på Nordre-Tjemsland. Han fortel at: «Far min, Svend S. Håland, var fødd i 1927 og var smitta av framtidstrua og dei mange tekniske framstega og nyvinningane som prega landbruket. Det gamla skulle vekk. Trebåsar og høyloft var det heller ikkje bruk for. Han bygde om og bygde på med mellom anna betongsilo på heile fire meter i diameter til å konservera graset i. I tillegg til mjølkeproduksjonen vart det satsa på griser – purker i andre etasjen og slaktegriser i etasjen under. Fjøset var ferdig i 1966. At det var ein periode mellom gammalt og nytt, kan og det faktum at far bygde med plass til to arbeidshestar, vere eit prov på. Bruk av hest i gardsarbeidet var sjølvsagt for dei fleste bøndene på Varhaug på 1960-talet, sjølv om talet på traktorar auka jamt og trutt. Hjå oss var siste hesten, ei dølahoppe som far kalla Gamle Svarten, i bruk fram til kring 1970.» Den første traktoren var ein Fordson Superdexta, som faren kjøpte i 1967.

Sjur Håland overtok garden i 1982, då han var 20 år gammal. Han slutta som bonde i 2003, og fekk seg arbeid som landbruksbyråkrat hjå Fylkesmannen i Rogaland, og seinare som journalist i Bondevennen. Han bytte bort ku og traktor med ein penn, eller ein datamaskin. Som så mange andre på den tida, gjekk han i samdrift med ein annan bonde, som leigde både jord og kvote. Jorda på nordsida av Buevegen vart selt til industriareal. Traktoren vart parkert. Det var ikkje lenger bruk for driftsbygning på garden. Den vart derfor riven og fjerna i 2012, og erstatta med ein stor garasje. Utan driftsbygning er ein viktig del av tunet borte. Dette er også eit signal om at det sannsynlegvis ikkje vil bli starta opp med sjølvstendig drift på denne garden igjen. Derfor også litt vemodig. Dette er ein konsekvens av strukturrasjonaliseringa, som har gått så fort at det knapt har vore tid til å få med seg alle endringane.



Litteraturliste

Bøker:
Bøe, Jan Bjarne og Smith Solbakken, Marie (red.) 2014: Hå kulturhistorie Band 3 og 4, Fagbokforlaget
Christensen, Arne Lie 1995: Den norske byggeskikken, Pax forlag
Fiskaa, H.M. og Myckland, H. Falck 1957: Norges bebyggelse, Herredsbindet for Rogaland Søndre del
Garborg, Arne 1882: fredag
Hodnebø, Kjell 1990: Ku og bonde, Jordbruket i Hå før og no
Håland, Sjur 2014: Serigstad 150 år, En reise gjennom Jærbedriften Serigstads historie 1824 – 2014 Røyrane, Eva 2014: Norges låver, Skald
Årbok for Jærmuseet 1997: Uthus på Låg-Jæren, 160 års utvikling frå 1800 til 1960. Artikkel av Bjarne Tron Egeland

Tidsskrift:
Bondebladet 16. februar 2006 Intervju med Halvard Nordås, ved Eva Aalberg Undheim Bondevennen, 1998: Jubileumsutgåve ved 100 års jubileet

Avisutklipp:
Jærbladet 24. desember 2001 Intervju med Anne Jorunn Frøyen, ved Hilde Garlid
Nationen: 15. april 2004, Intervju med Tommy Hadland, ved Camilla Bjørheim
Nationen: 16. juli 2004, Intervju med Kristian Skrettingland, ved Jon Olav Folsland
Stavanger Aftenblad, 2. februar 2009: Intervju med sivilarkitekt Ole Serinius Trodahl, ved Odd Pihlstrøm

Andre kjelder:
Under arbeidet med artikkelen har eg hatt mange samtalar med bønder og andre fagfolk.