Krigsminne

I Hå kommune er det framleis markante område og anlegg som syner tydelege spor etter tyskarane sin okkupasjon av landet under andre verdskrig. Bunkerane i Vedafjellet i Sirevåg, Hitlertennene på Brusand og anlegget ved Hanabergmarka er eksempel på anlegg som alle er inne i kulturminneplanen. I tillegg er det fleire installasjonar, område og enkeltobjekt som er verna både i offentleg og privat eige.

KRIGSMINNE I HÅ
HÅ – EIN STRATEGISK VIKTIG KYST  

I løpet av den tyske okkupasjonen av Norge fekk Hå og Jæren ei sentral rolle i forsvaret av kystlinja. Denne regionen var eit viktig og tungt befesta ledd i Atlanterhavsvollen – som strakte seg frå Frankrike til Nord-Norge. Festningsverket skulle hindre alliert invasjon frå vest.

Nordsjøen er som eit vegkryss. I nord er utløpet til Atlanterhavet, og i sør er utløpet via Den engelske kanal. Midt på finn me innløpet til Skagerrak og Østersjøen. Desse områda har gjennom historia veksla på å vere strategisk viktige. Norske myndigheiter vart seint merksame på Jæren som eit militærstrategisk område. Det vart difor ikkje bygd ut norske forsvarsverk her.

Både Tyskland og England kunne sjå føre seg at den andre part ville angripe Norge først. Jæren vart difor trekt inn i europeisk stormaktspolitikk. Grunna stadige angrep frå britane på norskekysten frykta tyskarane alliert landgang i Norge.

Då Tyskland gjekk til åtak på Norge i 1940 blei den smale seglingskorridoren utanfor Hå tyskkontrollert. Tyskarane sendte forsyningar til og frå Norge via sjøvegen, og ubåtar og krigsskip blei sendt nordover tett inn til kysten. Den tyske marinen hadde i oppdrag å beskytte korridoren med patruljerande skip. I tillegg la dei ut minefelt parallelt med kysten få kilometer frå land. Mottiltaket til britane var å leggje ut miner frå fly og ubåtar for å ramme tyske konvoier. All ferdsel i ope hav medførte for stor risiko fordi ein ikkje hadde dekning frå forsvaret på land.

Tyskarane såg behovet for ein sterk kystbevæpning og invasjonsforsvar av jærkysten. Dei tyske skipa som gjekk langs jærkysten blei no ikkje berre beskytta av minefelt og fly frå Sola, men dei fekk òg beskyttelse av tungt skyts på land.

KRIGSTIDA 1940-1945

Med det tyske angrepet 9. april 1940 kom den europeiske storkrigen til Norge. Forsvaret var dårleg førebudd. Etter to månadar med kamp måtte dei norske styrkane kapitulera.

Festung Norwegen, tyskarane sitt festningsverk i Norge, skulle hindra ein alliert invasjon og beskytte dei tyske skipa langs kysten. Tyskarane bygde kystfort med bunkerar, radarstasjonar, lyttestasjonar og tanksperrar.  Allierte fly kom likevel igjennom og sette inn angrep på tyske transportskip og krigsskip.

I løpet av krigsåra gjekk om lag 15 skip ned utanfor Håkysten.

Våren 1941 bestemte Hitler at tysk kystartilleri skulle byggjast kraftig ut i Norge fordi han frykta ein mogleg alliert invasjon. Frå mai og utover blei det etablert 160 tyske kystbatteri i Norge under namnet «Heeresküsten Artillerieregimenten », anlegga i Hå er ein del av dette.