Om Obrestad fyr

Obrestad fyr  - Klikk for stort bilete

Obrestad fyr er frå 1873. Det vert automatisert i 1991. I 2006 kjøpte Hå kommune  fyret av Kystverket. Eit mål med kjøpet er å bevare kulturen og historia til anlegget, og vise korleis fyr kan nyttast i nye samanhengar.

Sjølve fyrbygningen er i dag fyrmuseum og står slik det var i 1991. Husa der fyrvaktarane og familiane deira budde er i dag brukt til utleige heile året. Tre bueiningar kan leigast til overnatting og ein bustad kan leigast til seminar og selskap. Alle husa har unik utsikt mot havet og mot Høg-Jæren og vindmøllene. Fyret og bustadane har originale fasadar slik dei var i 1991 då dei blei flytta frå. Inne er dei modernisert. Fyrmuseet og bustadane er drifta av Hå gamle prestegard.

Obrestad fyr er ein del av Hå kommune sin kulturminnevernplan. 

 

Hybelen - Klikk for stort bilete Rundehuset  - Klikk for stort bilete

Sist endra 23.05.2017
Fann du det du leita etter?