Leige av lokaler

 

 

Planlegger du møte med jobben, arrangement, konfirmasjon eller seminar? Me har to utleigealternativ som kanskje kan passe til deg. Leig 1902-huset oppe ved Obrestad fyr eller book deg inn i kafeen på Hå gamle prestegard. 

 

Møte, arrangement og seminar på Obrestad fyr

På 1902-huset har ein fridom og moglegheit til å halda på heile dagen, ettermiddagen eller på kveldstid anten det er jobbmøte, eit lite arrangement eller konfirmasjon. Huset har prosjektor, lerret og internett. Ein kan laga seg mat eller ta med. Det er òg mogleg å overnatte. Det er to sengeplassar, ei lita stove og bad. Pris frå 4000 kroner per døgn for heile huset. Foto: Elizabeth Croft

 

Møte og lunsj i kafèen på Hå gamle prestegard

I kafèen på Hå gamle prestegard tilbys møte med møtemat eller lunsj. I kafèen kan ein ikkje ha med medbrakt mat. Møterom kan leigast i kafèen på dagtid på kvardagar. Møterom har tilgang på prosjektor, lerret og internett.   

 

KAFEEN I VÅNINGSHUSET

Kafeen er i våningshuset frå 1789 med påbygg kring 1850. Maten i kafeen er basert på gode lokale leverandørar. 

Prisar frå kr 400 per person.  Ved under fem personar er pris minimum kr 2000 for bruk av møterom.  Servering kjem i tillegg. Foto: Elizabeth Croft

 

 

 

 

 

1902-HUSET PÅ OBRESTAD FYR

Huset er ein unik plass å ha møter og seminar. Huset har utsikt over flatjæren og sjøen og er ypperleg for å legga konkrete planar, ha teamarbeid eller drøfta luftige tankar.  Det er plass til 20-30 personar i seminarrom.  Mange kombinerer møteverksemd på 1902-huset med å gå ned til Hå gamle prestegard for lunsj. For vår lunsjmeny, sjå her:  Kafé - Hå Gamle Prestegard (hagamleprestegard.no)Ta kontakt for meir informasjon. Me leiger og ut dei andre boligane til overnatting på Obrestad fyr. Foto: Asle Haukland

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Bilete frå 1902-huset. Foto: Kjersti M Austdal

Bestilling på e-post: Leie.ObrestadFyr@ha.kommune.no