Vennelaget

2. påskedag på Hå gamle prestegard - Klikk for stort bilete

 

Vennelaget for Hå gamle prestegard vart starta i 1986. Formålet er å fremja interessa for Hå gamle prestegard, og vennelaget har no ca 300 medlemmar.

 

Bli medlem i Vennelaget!

Vennelaget vart stifta i 1986 for å fremje interressa for Hå gamle prestegard. Alle inntekter av våre arrangement går til prestegarden. Me bidreg òg med økonomisk stønad til somme arrangement i prestegarden sin regi. Som medlem får du gratis inngang og tilsendt informasjon om alle arrangement og utstillingar. I Vennelaget kan du bidra som frivillig under våre og prestegarden sine arrangement eller som medlem av Vennelaget sitt styre. Me er alltid interessert i fleire hjelparar! I tillegg er du med i trekning av eit kunstverk kvart år (som blir trekt på årsmøtet). Alle våre arrangement skjer i nært samarbeid med prestegarden. Venelagskontingent for 2018 er kr.300,- hovudmedlem (inkl. barn under 16 år i husstanden), kr 200,- familiemedlem. Ta kontakt med resepsjonen og legg igjen namn og adresse eller send e-post til post.hgp@ha.kommune.no.
Du kan også ringa til Hå gamle prestegard på telefon 51791660

Som medlem i vennelaget får du gratis adgang til alle utstillingane og informasjon om alt som skjer. Vennelaget har medansvar for påskearrangementet 2. påskedag og Halloween som vert arrangert på Hå gamle prestegard årleg. I tillegg arrangerer vennelaget årleg kunstsafari til ulike kunstnarar og/eller kunstinstitusjonar i området. Medlemmar frå vennelaget deltek også på andre arrangement, for eksempel Haustmarknaden.

Me vil gjerne ha fleire medlemmar!
Medlemsavgift pr. år er kr 300. Familiemedlem kr 200. 


Vennelaget sel lodd til kunstlotteri med fine kunstpremiar.

Gevinstar i Kunstlotteri 2018:

Margrethe Barstad Golberg 1 - Klikk for stort bilete Margrethe Barstad Golberg
Margrethe Barstad Golberg er utdannet ved Bergen Kunsthåndverksskole. Hun jobber med høybrent porselen og bruker en blanding av steingodsleire i større arbeider. «Mine former er stramme og enkle, slik at jeg kan leke med dekor og farger». Golberg legger på gull, platina eller andre overglasurfarger i en 3. brenning.  Hun er innkjøpt av Vestlandske Kunstindustrimuseum og gjort utsmykninger for bl.a. Statoil. 

 

 

Tresnitt av Elin Gabrielsen 1 - Klikk for stort bilete Elin Gabrielsen
Elin Gabrielsen er utdannet ved Kunsthøgskolen i Bergen og Kunstskolen i Rogaland. Hun jobber med maleri, illustrasjon og tresnitt. Hennes arbeid av inspirert av naturen, spesielt dyr, planter og landskap. Gabrielsen er innkjøpt av bl.a. Filmkritikerlaget, Oslo og DNB, Oslo. Hun har fått tre stipend fra Norsk Kulturråd og deltatt to ganger på Statens Høstutstilling
 

 

Maleri Terry Nilsen-Love 1 - Klikk for stort bilete Terry Nilsen-Love
Terry Nilssen-Love er utdannet ved Reigate School of Art, Goldsmiths College School of Art og The Slade School of Art. «Jazz, and by that I mean improvised music, has always been an essential part of my life and is reflected in thoughts towards painting.» Terry har en signaturstil og gjenkjennes noen ganger med en geometrisk struktur og andre ganger med en dynamisk flyt av farger og former. Han er innkjøpt av bl.a. Stavanger Kunstmuseum og Norsk Kulturråd

 

.

 Kunstlotteri 2017:
Dei heldige vinnarane i kunstlotteriet 2017 er:
- Kjellaug Stokkeland vant "Skorpion" av kunstnar Stine Rommetveit
-Jofrid Mosland vant "U.T." av kunstnar Ruth Bersås
-Ingeborg Krogsgaard vant "I hagen/Solskinn" av kunstnar Barbro Tiller...
-Anne May K. Sirekrok vant glaskunst av kunstnar Abel Sawe

 

Gevinstane i kunstlotteriet 2017 er:


Stine Rommetveit
Skorpion,
teikning
Stine Rommetveit er utdanna ved Kunsthøgskolen i Bergen (KHIB). Hun har arbeida fleire år med keramikk og designa service for Figgjo AS.  For tida arbeidar ho mest med teikning. Bildet Skorpion er eit av 12 bilete ho har laga til magasinet Kamille for å illustrere dei 12 stjerneteikna i horoskopet. Stine Rommetveit er innkjøpt av Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design og har fått Statens kunstnarstipend 3 gonger og 1-årig arbeidsstipend for yngre / nyetablerte kunstnarar.

Ruth Bersås
Uten tittel,
olje på linlerret
Ruth Bersås er utdanna ved Kunstskolen i Tåkelurfabrikken i Skudeneshavn og Kunstskolen i Stavanger. Hun blei først  kunstnar på heiltid i ein alder av 50. Etter det har ho hatt ei rekkje både separat- og kollektivutstillingar. Hennar oljemaleri beveger seg mellom abstraksjon og konkrete former. Fargane er ført på med tjukke penselstrøk som former fargerike skuggar av natur og hus. Hennar separatutstilling på Sandnes Kunstforening i januar i år, som 80-åring, var ein stor suksess.

Barbro Tiller
I hagen / Solskinn
, silketrykk / serigrafi.
Barbro Tiller er utdanna ved Kunstakademiet i Trondheim. Ho arbeidar med collage, maleri, teikning og grafikk. Ho er inspirert av naturen, og lagar ofte naturmotiv kor me finn små dyr, symbol og planter. Barbro Tiller deltok på Høstutstillingen i 2012 og er innkjøpt mellom anna av Trondheim kommune og Norsk Kulturråd.

Abel Sawe
Glaskunst
Abel Sawe er innehavar av Glasshytta i Gamlebyen i Fredrikstad. Hans fargerike og unike glaskunst er prega av utdanninga han har som glasblåser både frå Kenya, Finland og Sverige. Sawe kom til Norge for å arbeida på Hadeland glasverk. I 1987 takka han ja til jobben i Glasshytta i Gamlebyen i Fredrikstad der han begynne å lage sine eigne kunstverk. Sawe er innkjøpt både av Svensk Konstnarråd og Norsk Kulturråd. 

Fann du det du leita etter?